Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Skjenkeløyve og serveringsløyve

Skjenkeløyve og serveringsløyve

Dersom du driv ein serveringsstad med serveringsløyve. og ynskjer å servere alkohaldig drikke, må du søkje om skjenkeløyve.

Alternative skjenkeløyve

  • Fast løyve (du må ha serveringsløyve i tillegg)
  • Einskildløyve - ope arrangement
  • Ambulerande løyve - lukka arrangement

Vilkår for skjenkeløyve

For kvart skjenkeløyve skal det utpeikast ein styrar og ein avløysar. Begge må :

  • ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova
  • vere over 20 år
  • arbeide i den aktuelle verksemda
  • elles oppfylle krava til vandel i alkohollova og serveringslova

Dagleg leiar/styrar ved stader som har eller skal søkje om skjenke- og serveringsløyve, må ha avlagt og bestått etablererprøva.

Slik søkjer du

Salsløyve - sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1

Serverings- og/eller skjenkeløyve

Skjenkeløyve - omsetningsoppgåve for alkohol

Skjenkeløyve - lukka arrangement (ambulerande)

Skjenkeløyve - ope arrangement (enkelthøve)

Omsetningsoppgåve alkohol salsløyve

Desse vedlegga må følgje søknaden :

  • Firmaattest
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Adkomstdokument (leigekontrakt e.a. som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om)
  • Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert
  • Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablererprøva
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknytning til serveringsstaden

Søknadsfristar

Einskildløyve og ambulerande løyve:   3 veker
Faste nye løyver:                                      4 månader

Prisar

Einskildløyve-ambulerande løyve kr 300,-

Alle som har eit sals- og/eller skjenkeløyve må betala eit årleg gebyr til kommunen, jf. alkohollova § 7-1.

Prisen/gebyret for sals- og skjenkeløyvet blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk.

Minstegebyret for skjenkebevilling er   kr 5300,-  pr år
Minstegebyret for sals bevilling er         kr 1700,- pr år

Klage

Alkoholloven  §1-16

Klage og søksmål om gyldighet av vedtak i klagesak. Kommunens enkeltvedtak etter § 1-8 og kap. 3, 4 og 7 kan påklages til fylkesmannen. Fylkesmannen kan prøve om vedtaket er innholdsmessig lovlig, er truffet av rette organ og om det er blitt til på lovlig måte.

Lovverk

Alkoholloven

Serveringsloven

Kontakt

Lars Egil Sjøtun
SLT koordinator
E-post
Telefon 905 26 906