Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Skal eg betala forskotsskatt?

Skal eg betala forskotsskatt?

Dersom du har eit enkeltpersonføretak, er deltakar i ansvarleg selskap, eller har andre inntekter eller formue som du ikkje blir trekt skatt for, skal du betala forskotsskatt. 

Skattekort og skattesetel blir normalt utskiven på grunnlag av opplysningar frå fastsetjinga to år tilbake. Dersom du meinar dei er utskrivne på feil grunnlag kan du søkje om endring av skattekortet eller skattesetelen din.

Forskotsskatten forfell til betaling i fire like store termin

  • 15.mars
  • 15.mai
  • 15.september
  • 15.november

Innbetalingskort vert sendt ut om lag tre veker før forfallsdato.

Dersom avrekninga viser at du har betalt mindre i forskot enn fastsett skatt må du betala restskatt. Ved restskatt vil det bli berekna eit rentetillegg. Dette kan du unngå ved å betala eit tilleggsforskot innan 31.mai. 

Kontakt

Skatteoppkrevjaren, avd. privat
E-post
Telefon 56 52 32 45


Bankgiro for skatt: 6345.07.46217

Skatteoppkrevjaren, avd. bedrift
E-post
Telefon 56 52 32 46


Bankgiro for skatt: 6345.07.46217