Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Feiing og tilsyn

Feiing og tilsyn

Gjeld alle heilårs- og fritidsbustader i Voss herad som har pipe med eldstad og tilrettelagt tilkomst for feiing med godkjent stige eller faste trinn på tak, i samsvar med gjeldande forskrifter, eller godkjent feieluke på loft.

Feiing 

  1. Varsel og gjennomføring av feiing av skorstein i hovudsak annakvart år, basert på behovsprøvd feiing.
  2. Opplysningar om tilstanden til skorsteinen
  3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann
  4. Kontroll av eldstad eller fyringsanlegg
  5. Råd i saker som omhandlar piper eller fyringsanlegg
  6. Førebyggjande brannverninformasjon

Tilsyn av fyringsanlegg

  1. Varsel og gjennomføring av tilsyn av eldstader kvart fjerde år
  2. Opplysningar om tilstand på eldstaden
  3. Råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann
  4. Råd om plassering, vedlikehald og bruk av sløkkjeutstyr
  5. Råd om plassering og vedlikehald av røykvarslarar
Prisen for tenesta vert sett i samsvar med kommunalt gebyrregulativ 
 

Viktig informasjon

  • Voss herad nyttar sms-varsling av både feiing og tilsyn. Dersom du ikkje har mobiltelefon, men er registrert i folkeregisteret med fasttelefonnummer, vil du motta ein talemelding som inneheld den same meldinga som i SMS’en.
     
  •  Den som eig eit fyringsanlegg vil få ein sms når feiaren er på veg i området der du bur. Dersom du ynskjer å kontrollera om dei opplysningane som ligg inne på deg er korrekte, kan du vitja  www.servicevarsling.no for å sjå kva som er registrert på deg. Det er viktig at du av og til går inn og sjekkar.
     
  • Dersom du eig ein bustad, men leiger han ut, er det viktig at brukar blir informert om at feiaren kjem. Det er huseigar sitt ansvar å informera.

 

 

Feiing og tilsyn

Kontakt

Voss brannvern
E-post
Telefon 56 51 46 80

 

Mobil
99 20 71 72 (vakthavande)

Adresse
Postboks 145, 5701 Voss

Kontortid
08.00-15.30