Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Rive eit bygg

Rive eit bygg

I utgangspunktet er det slik at byggverk du må søkje om å byggja, det må du også søkje om for å få riva. Same prinsippet gjeld for om du kan søkja kommunen sjølv eller må få ansvarleg føretak til å gjera jobben.

Skal du til dømes riva ein garasje på over 70 m2, så krevst det ansvarleg føretak for å søkja om bygging og då krevst det også ansvarleg føretak for å riva.

Følgjande små tiltak treng du ikkje søkja om

Skal du riva eit lite tiltak, som til dømes eit uthus på mindre enn 50 m2, så kan det vera at du ikkje treng å søkja kommunen. Sjekk om tiltaket ditt er nemnt i byggesaksforskrifta § 4-1. Finn du tiltaket ditt i denne lista,  treng du ikkje søkja kommunen om å riva det.

Følgjande mindre tiltak kan du søkje om sjølv

Skal du riva eit litt større tiltak må du søkje kommunen. Sjekk om tiltaket ditt står i byggesaksforskrifta § 3-1. Finn du tiltaket ditt i denne lista, så kan du søkja kommunen om riving sjølv.

Større tiltak krev kvalifisert føretak

Skal du riva eit bygg som er større enn det som er nemnt ovanfor, så må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Kontakt

Byggesak
E-post
Telefon 56 51 94 00

 

Publikumsdag

tysdag og torsdag kl 09.00-15.00
drop in eller tlf 48 01 45 84

Unntak frå dette vert lyst i Hordaland og/eller under kunngjeringar på nettsida.