Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

 

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662 man-fre kl 0900-1200.
 

Klima og miljø

Klima og miljø

Klimaendringar er ei av dei største utfordringane verda står overfor, og råkar alle samfunnsområde. Sjølv om utfordringar knytt til klima er globale, er det ei utfordring med store lokale konsekvensar.

Voss herad har starta opp arbeidet med Vossaklima 2030 - kommunedelplan for klima, klimatilpassing og grøn omstilling.

Alle er inviterte til å komma med i den vidare planprosessen.   

Som del av Parisavtalen har Noreg forplikta seg til å redusera direkte klimagassutslepp med minst 50 % innan 2030, samanlikna med 1990-nivå. Gjennom Klimaloven er det i tillegg lovfesta eit mål om at Noreg skal vera eit lågutsleppsamfunn innan 2050. Det betyr at klimagassutsleppa skal vera redusert med 80-95 % i 2050, samanlikna med 1990. 

FN sitt klimapanel skisserer eit behov for å halvere klimagassutsleppa innan 2030 for å nå måla i Paris-avtalen. Dette har ført til at også nasjonale og regionale mål har blitt meir ambisiøse, samstundes som ny forsking og rapportar skildrar alvoret ved å ikkje setje i verk tilstrekkelege tiltak.

For oss vert klima ein sentral del av risikobiletet i framtida. Me kan venta auka nedbør, meir ekstremvêr, temperaturendringar og andre gradvise endringar som kan få store konsekvensar for helse, landbruk, reiseliv, samferdsle, bygg, anlegg og naturmangfald. Dette gjev nye utfordringar for planlegginga og eit nytt risiko- og sårbarheitsbilete som påverkar samfunnsutvikling, næringsliv og kvardagslivet til folk. Samstundes vil det vera eit stort potensial for auka verdiskaping og næringsutvikling i utvikling av gode løysningar for klimatilpassing.

Samfunnsdelen av kommuneplanen gjev oss klare føringar på at me skal bidra til å nå berekraftsmåla. Me skal handla no for å motverka klimaendringane og konsekvensane av desse. Miljømessig berekraft krev at me gjer nokre grep slik at miljøet rundt oss kan bestå, til glede for dei som kjem etter oss. For å skapa miljømessig berekraft må me redusera klimagassutslepp, tilpassa oss endringar i klimaet, reisa annleis, bruka areala våre på ein betre måte og verna om naturressursane.

 Utviklingsplan for Vestland 2020 - 2024 gjev ein felles kurs for å inkludera, inspirera og mobilisera Vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande utvikling. Sjølv om alle berekraftsmåla er viktige skal innsats på kort sikt prioriterast der utfordringane og moglegheitene er størst. Klima vert lagt som premiss for vidare  samfunnsutvikling og ambisjonane er at Vestland er pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp. 

Voss herad tuftar vidare utvikling på FN sine berekraftsmål.  

I samfunnsdelen av kommuneplanen er det fastsett ulike mål som omhandlar klima.  

Hovudmål

Stoppa menneskeskapte klimaendringar innan 2030

 

 

 

 

Delmål

  • Me skal styrkja evna til å stå imot, og tilpassa oss klimarelatert fare og naturkatastrofar (13.1).
  • Me skal innarbeida tiltak mot klimaendringar i heradet sin politikk, strategiar og planlegging (13.2).
  • Me skal styrkja alle, innbyggjarar og institusjonar, si evne til å motverka, tilpassa seg og redusera konsekvensane av klimaendringar og deira evne til tidleg varsling, samt styrka kunnskap og bevisstgjering kring dette (13.3).
  • Næringsutvikling i Voss herad skal byggja på berekraftig ressursforvaltning.
  • Me vil arbeida for at Voss og Hardanger er eit grønt reisemål i framtida

 

Vossaklima 2030 - kommunedelplan for klima, klimatilpassing og grøn omstilling

Vossaklima 2030 skal setja mål som inneber at Voss herad kan nå nasjonale målsetjingar, og bidra konkret og konstruktivt til at Vestland vert leiande i klimaomstilling og grøn verdiskaping. 

For kommunedelplanar skal det som ledd i varsling av planoppstart utarbeidast eit planprogram som grunnlag for planen (jf. PBL §4-1 og §11-13). Planprogrammet skal gjera greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar, deltakarar, opplegget for medverknad og behov for utgreiingar.

Planprogram for Vossaklima 2030 vart vedtatt den 26. august 2021. Planprogrammet finn du her: Vossaklima2030_Planprogram (PDF, 787 kB)

 

Dagens situasjon

Utsleppstatistikk frå Miljødirektoratet gjev eit bilete på kva som er dei største utfordringane i kommunen med klimagassutslepp i kommunen som heilskap. 

Dei største utsleppa i Voss herad kjem frå vegtrafikk, jordbruk og anna mobil forbrenning.

  • Vegtrafikk: I hovudsak bygger modellen på 4 detaljerte datasett som dekker det meste av tilgjengelig informasjon om vegtrafikken i Norge, og bereknar utslepp frå vegtrafikk i heile kommunen.
  • Jordbruk: Utslippene er berekna av SSB. Utsleppa er knytt til biologiske prosessar i husdyra, gjødsla og dyrkingsjorda som fører til at metan og lystgass vert laga.
  • Anna mobil forbrenning: Sektoren omfattar utslepp frå snøscooter og dieseldrevne motorreiskaper (avgiftsfri diesel), der anleggsmaskiner og traktorar utgjer dei største utslippskjeldene.

I 2005 vart det berekna eit samla klimagassutslepp innanfor kommunegrensene på 95 000 tonn CO2 ekvivalentar. 40 prosent kutt i dette utsleppet inneberer ein reduksjon på 38 000 tonn CO2 ekvivalentar lokalt i 2030.

I samband med oppstart av Vossaklima 2030 er det utarbeida eit eige kunnskapsgrunnlag som syner status i heradet.

 

 

 

 

 

 

Kunnskapsgrunnlaget finn du her

Kva er eit klimabudsjett?

Eit klimabudsjett er som eit vanlig økonomibudsjett, men det vert rekna på CO2-ekvivalenter i staden for (eller i tillegg til) kostnader for tiltak. Klimabudsjettet kan vera ein del av budsjett/økonomiplan og integrert i kommunebudsjettet. Klimabudsjettet kan bestå av nasjonale, regionale og lokale tiltak.

Sjå også: Oslo sin video, klimabudsjett for dummies

Arbeidet med klimabudsjett i Voss herad

Klimabudsjettet skal vera eit styringsverktøy som mellom anna syner samanhengen mellom dei klimatiltaka heradet arbeider med, kostnadene knytt til desse tiltaka – og kva klimaeffektar/ gevinstar det er venta at me skal få.

Tidligare år har klimamidlar vorte fordelt etter ulike fokusområde med tilhøyrande tiltak - rangert og vurdert i Voss kommune sin energi- og klimaplan (2018 – 2021) etter fylgjande kriteria:

  • Har tiltaket klimaeffekt og kva for reduksjonspotensial kan det ha?
  • Kostnad
  • Tidshorisont

Kvantifisering av reduksjon i CO2- ekvivalenter har tidligare ikkje inngått i arbeidet, men vil verta del av Voss herad sitt klimabudsjett frå 2022 av.

I 2021 vil arbeidet med klimabudsjett – og rekneskap konsentrerast om fylgjande:

  • Fastsetja klimamål for Voss herad – fordelt på sektorane vegtrafikk, jordbruk, anna mobil forbrenning og oppvarming
  • Konkretisera relevante tiltak – kostnader, klimaeffekter og tidsperspektiv knytt til desse
  • Fordela kommunale midlar til klimatiltak 2021 i samsvar med oppdatert status i Energi og klimaplan for Voss kommune

Arbeidet med Vossaklima 2030 og handlingsplan for reduksjon av klimautslepp vil gje direkte input til klimabudsjettet. Klimabudsjettet vil difor vidareutviklast og forbetrast dei neste åra.

Økonomisk budsjett 2021

Det er budsjettert med ein klimapott på 500 000 kr til lokale klimatiltak i kommunal regi, i tillegg til 415 000 kr til klimatiltak som kan vera støtte til andre. 

I tillegg til kommunale klimamidlar vil heradet søkja om eksterne midlar hjå Miljødirektoratet (klimasatsmidlar), klimamidlar hjå fylkeskommunen og eventuelt skjønnsmidlar hjå Fylkesmannen.