Medverknad i samband med revisjon av kommuneplanen

Kommuneplanen er det viktigaste verktøyet Voss herad har når me skal leggja til rette for kva samfunnsutvikling, arealforvaltning og tenesteproduksjon me ynskjer for framtida. Arbeidet med å revidera kommuneplanen startar for fullt på nyåret 2025.  

I arbeidet med revisjon av kommuneplanen vil me møta ulike og til dels motstridande interesser (samfunnsfloker). For å finna fram til dei beste løysingane er me avhengig av bidrag og innspel frå dei som arbeider og bur i heradet vårt. Det kommande året vil me leggja stor vekt på å ha ein open planprosess for å motivera folk flest til engasjement og eigarskap i planarbeidet. 

Me inviterar alle – liten og stor, gamle og unge, næringsliv, lagsliv og innbyggjarar elles til å bli med på å forma framtida for Voss 2035! 

NB! Det kan komma endringar i programmet. 

"Alle (som vil) skal med!" 

 

5. september 2024

Vedtak i Formannskapet

Formannskapet fatta i møtet den 5. september vedtak om å leggja utkast til Planprogram for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel ut til høyring og offentleg ettersyn, med høyringsfrist 23. oktober 2024.

Høyringsutkast - planprogram for revisjon av kommuneplanen (PDF, 515 kB)

17. desember 2024

Vedtak i Heradsstyret

17. desember 2024 vedtok Voss heradsstyre Planprogram for revisjon av kommuneplanen. 

Planprogrammet ser du her: 

Planprogram - Kommuneplan for Voss herad 2025 - 2037 (PDF, 705 kB)

26. februar 2025

Debattserie bibliotek – Kva slags Voss vil me ha?

Bygd for turistar?

Biblioteket inviterer til tre debattar i løpet av vinteren/våren som skal bidra til at vossingane i sterkare grad tek styringa over eiga bygd.  

Tema for den første debatten er:  Bygd for turistar? 
Reiselivet på Voss pregar bygda vår. Kva slags turistar er det me ynskjer ha på besøk og kva ynskjer me visa fram? Korleis kan me få reiselivet og bygda til å gå hand i hand?

Debattane vert arrangert i samarbeid med lokalavisa Hordaland

29. januar 2025

Frivilligbørs

For fyrste gong vert det arrangert Frivilligbørs på Voss. Satsinga er eit samarbeid mellom frivilligheita, næringslivet og kommunen med mål om å skapa nye og gode samarbeid på tvers.  

Les meir om frivilligbørs her

Frivilligbørs vert arrangert i samarbeid med Voss frivilligsentral.

3. -7. februar 2025

Fornybar framtid

Fornybar framtid er eit initiativ frå Voss Energi AS: 

I Fornybar framtid inviterer Voss Energi AS elevar i 10. klasse til eit innblikk i miljø- og klimaspørsmål, lokale utfordringar knytt til klima og miljø (Vossaklima 2030), alternative energikjelder, energibruk. 

Fornybar framtid vert arrangert av Voss Energi. 
 

5. februar 2025

IdèCamp Energi

Korleis leva opp til «Mer av alt raskere?», tryggja ny næringsutvikling og samstundes ta vare på naturen vår? IdéCamp Energi 2025 vil freista finna svar som bidreg til å løysa denne store samfunnsfloka.  

Me vidarefører erfaringane frå IdéCamp 2011 og set av ein dag der lokalt næringsliv, kraft- og energibransjen, akademia, interesseorganisasjonar og politisk nivå samlast for i fellesskap kunna tenkja «utanfor boksen» og finna nye løysingar for framtida.

IdéCamp 2025 vert arrangert i samband med Fornybar Framtidi–veka. IdéCamp vert gjennomført i samarbeid med Voss Energi, Hardanger og Voss næringshage og Voss næringsråd. 

IdèCamp 2025 vert arrangert i samband med Fornybar Framtidi – veka. 

IdèCamp vert gjennomført i samarbeid med Voss Energi, Hardanger og Voss næringshage og Voss næringsråd.
 

12. og 13. februar 2025

PSYKT BRA BYGD! Utopiaverkstad for liten og for stor

Me inviterer elevråda i småskule og elevråda på ungdomstrinn/vgs til kvar sin Utopiaverkstad. Her ynskjer me skapa deltaking kring medborgarskap og inkludering – «Ung og innafor». 

Ungdomsrådet vert invitert til å vera med gjennom heile prosessen.
 

25, mars 2025

Debattserie bibliotek – Kva slags Voss vil me ha?

Bygd for syklistar? 

Voss er full av entusiastiske syklistar, trass i ein infrastruktur som i liten grad spelar på deira lag. Kva grep må me ta for å gjera det tryggare og kjekkare å vera syklist i Voss herad?

Mars 2025

Teiknekonkurranse

Elevar i barneskule, ungdomsskule og kulturskule vert invitert til teiknekonkurranse med utgangspunkt i «Voss i framtida».

1. april 2025

Borgarpanel – Hyttebygda Voss

Til borgarpanela vert deltakarane invitert personleg til å komma med til tre ulike verkstadar med tre relevante tema for Voss. Invitasjonane går ut breitt og det er «fyrste mann til mølla» som gjeld for å komma med. Målet med å invitera til borgarpanel er å nå grupper i samfunnet som vanlegvis er underrepresenterte i politisk arbeid. Deltakarane får ei løn for å delta og bidra med innspela sine, og dette skal bidra til at kvar enkelt sin sjanse til å delta verta mindre påverka av faktorar som familie- og arbeidsforhold, økonomi og helse.  

Det første borgarpanelet har tittelen:  Hyttebygda Voss 

– Er det nok no? Vågar me å seia nei til meir hyttebygging sjølv om det gjev arbeid for byggenæringa, kundar til lokalbutikkane og fulle skiheisar?

2. april 2025

Bogarpanel – Landbruksbygda Voss

Til borgarpanela vert deltakarane invitert personleg til å komma med til tre ulike verkstadar med tre relevante tema for Voss. Invitasjonane går ut breitt og det er «fyrste mann til mølla» som gjeld for å komma med. Målet med å invitera til borgarpanel er å nå grupper i samfunnet som vanlegvis er underrepresenterte i politisk arbeid. Deltakarane får ei løn for å delta og bidra med innspela sine, og dette skal bidra til at kvar enkelt sin sjanse til å delta verta mindre påverka av faktorar som familie- og arbeidsforhold, økonomi og helse.  

Det andre borgarpanelet har tittelen: Landbruksbygda Voss

– Bonden er viktig, men er veg, bustad og anna utvikling viktigare? Landbruket sørgjer for arbeidsplassar, matsikkerheit, kulturlandskap, naturmangfald og identitet, likevel mistar me kvart år dyrka jord til andre føremål. Tar me godt nok vare på bøndene våre? 

3. april 2025

Borgarpanel – Bilbygda Voss

Til borgarpanela vert deltakarane invitert personleg til å komma med til tre ulike verkstadar med tre relevante tema for Voss. Invitasjonane går ut breitt og det er «fyrste mann til mølla» som gjeld for å komma med. Målet med å invitera til borgarpanel er å nå grupper i samfunnet som vanlegvis er underrepresenterte i politisk arbeid. Deltakarane får ei løn for å delta og bidra med innspela sine, og dette skal bidra til at kvar enkelt sin sjanse til å delta verta mindre påverka av faktorar som familie- og arbeidsforhold, økonomi og helse.  

Det tredje borgarpanelet har tittelen: Bilbygda Voss

Me bur i ein kommune med store avstandar, og mange treng bil for å koma seg frå a til b. Men, vil me ha alle desse bilane i sentrum?  Er Vangen ein god stad å vera for oss som bur her – og dei som besøkjer oss?

8.–9. april 2025

Vossadagane 2025

Vossadagane er møteplassen der ein løftar blikket og ser det store bilete, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. Tittel på Vossadagane 2025 er «Framtidstru» og lyfter fram fire overordna tematikkar:

  • Forteljinga om Norge 2050 - korleis kan Voss bidra? 
  • Framtidas byggenæring - kvar og korleis skal me byggja? 
  • Korleis skapar me morgondagens berekraftige matsystem? 
  • Framtidas arbeidskraft – korleis kan me styrkje folkehelsa?

Vossadagane vert arrangert i eit samarbeid mellom Voss herad, Voss Energi AS og Hardanger og Voss næringshage. 

29. april 2025

Debattserie bibliotek – Kva slags Voss vil me ha?

Kvar gong me møtast – Voss ei bygd for alle?

Kan me og vil me som medborgar, nabo, familie og frivillig ta vare på oss sjølv og kvarandre? Eller er dette heradet sitt ansvar?

Korleis sikra at politikarane kan ta upopulære avgjersler når forventningane er større en moglegheitene til å innfri dei? 
 

August 2025

Last Tuesday

Næringslivet sine kår i framtida. Presentasjon av skisse til ny samfunnsdel og arealstrategi.

Last Tuesday vert arrangert i samarbeid med Hardanger og Voss næringshage.

28. august 2025

Fyrste gongs politisk handsaming - kommuneplanen sin samfunnsdel

Fyrste gongs politisk handsaming av kommuneplanen sin samfunnsdel. 

Etter vedtak i formannskapet vert utkast til ny samfunnsdel lagt ut til høyring og offentleg ettersyn.

Oktober 2025

Temakveld om bygg, anlegg og eigedom

Tema vert avklart i løpet av våren 2025.

Temakveld bygg, anlegg og eigedom vert arrangert i samarbeid med Hardanger og Voss næringshage.

November 2025

Temaveke – samfunnstryggleik og beredskap

Me inviterer til ei veke med debatt, kino, quiz, innbyggjarundersøking mm. der tema er samfunnstryggleik og beredskap for framtida.

Temaveka vert arrangert i samarbeid med Beredskapsveka 2025.
 

November 2025

Grøn november

Grøn november går av stabelen kvar november månad. Satsinga er fyrst og fremst retta mot born og unge og har fokus på vossingen sitt klimafotavtrykk, sirkulærøkonomi og grøn omstilling.

Grøn november vert arrangert i samarbeid med frivillig lagsliv og lokalt næringsliv. 

Vinter 2026

Bygdalab KPA

Med erfaringane frå Bygdalab Sentrumsplan og Bygdalab Vossaklima 2030, ynskjer me invitera til Bygdalab KPA våren 2026. Nærare rammer for Bygdalab KPA vert lagt i løpet av 2025.