Planprogram for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn

Formannskapet fatta i møtet den 5. september vedtak om å leggja utkast til Planprogram for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel ut til høyring og offentleg ettersyn, med høyringsfrist 23. oktober 2024.

Høyringsutkastet finn du her (PDF, 515 kB)

Høyringsfrist er satt til 23. oktober 2024.

Innspel til høyringsutkastet kan sendast til postmottak@voss.herad.no

Merk då svaret med: “Høyringsinnspel til Planprogram, revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og areldel”.

 

Har du spørsmål, ta kontakt med spesialrådgjevar Gunnhild Utkvitne på e-post: gunnhild.utkvitne@voss.herad.no 

 

Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen er eit overordna og langsiktig styringsdokument. Planen er vårt viktigaste verktøy når me skal leggja til rette for kva samfunnsutvikling, arealforvaltning og tenesteproduksjon me ynskjer i heradet vårt. Planen gjeld for alle som bur og arbeidar i heradet.  

Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen skildrar kva langsiktige mål kommunen har for samfunnsutviklinga. Samfunnsdelen skal kunna fungera som eit politisk styringsverktøy, og ha tydelege satsingsområde og mål. Måla i samfunnsdelen skal vera styrande for kva andre planar kommunen vel å utarbeida, og skal også vera grunnlag for prioriteringar i årleg rullering av økonomiplan. Arealdelen skal omsetja måla i samfunnsdelen til arealpolitiske verkemiddel og fastsetja rammer for langsiktig arealutvikling i kommunen. Kommuneplanen skal også innehalda ein arealstrategi. Ein arealstrategi skildrar kommunen sine overordna prinsipp for framtidig arealutvikling. Føremålet med arealstrategien er å syna samanhengen mellom framtidig arealbruk og samfunnsutvikling. Arealstrategien vil verta integrert i kommuneplanen sin samfunnsdel for å få tett og god kopling mellom samfunns- og arealdel.

 

Innspel til kommuneplanen

Innspel – planprogram

I samband med oppstart av kommuneplanarbeidet og utlegging av planprogrammet ynskjer Voss herad innspel til planprogrammet. Høyringsfristen er 23. oktober.  

Alle innspel som kjem inn vil verta lagt fram og vurdert i samband med at planprogrammet skal leggjast fram for politisk godkjenning i desember.  

Innspel – samfunnsdelen

I løpet av vinteren og våren 2025 skal kommuneplanen sin samfunnsdel og ny arealstrategi utarbeidast. I mai/juni 2025 vil forslag til ny samfunnsdel verta lagt fram for fyrste gongs politisk handsaming og leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn. Det vil då verta opna for å koma med innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel.  

Innspel – arealdelen

Parallelt med arbeidet med samfunnsdelen vil det verta arbeidd med kunnskapsgrunnlaget til revisjon av arealdelen. Ny arealstrategi skal utarbeidast i samband med samfunnsdelen, og kommuneplanen sin arealdel vil byggja på føringane i arealstrategien. Fyrst hausten 2025, når samfunnsdelen er vedteken, vil det vil verta opna for å koma med innspel til arealdelen.  

 

I samband med handsaming av høyringsutkast Planprogram for revisjon av kommuneplanen peika Voss formannskap i møtet den 5. september 2024 på fylgjande:

Voss herad står overfor ei stor og viktig oppgåve når kommuneplanen skal rullerast i lys av nye miljø- og klimakrav og norsk matberedskap. I tråd med dette legg formannskapet til grunn at:

  • Me i vidare arbeid skal prioritere jordvern og vere open for nydyrking for å legge til rette for jordbruket i heradet og vere ein bidragsytar i den nasjonale matberedskapen. Det må gjerast ei ny vurdering av jordbruksland i sentrumsområde for å unngå omdisponering av matjord.
  • At det skal vera eit førande prinsipp i arbeidet med kommuneplanen er at ein så langt som råd skal tilbakeføra ubygde hytteområde som ligg i intakte, verdifulle og urørte naturområde, til LNF.
  • At me i arbeidet med å definera arealnøytralitet sikrar gode verktøy for å føra arealrekneskap.
  • At det jobbast med å finne areal til motorsportsaktivitet.

Innspela frå møtet i Voss formannskap den 5. september 2024 vil verta innarbeida i utforming av endeleg versjon av Planprogram for revisjon av kommuneplanen.  
 

Kontakt

Revisjon av kommuneplanen

 

Kommuneplanen sin samfunnsdel:

Gunnhild Utkvitne Gunnhild.Utkvitne@voss.herad.no

 

Kommuneplanen sin arealdel:

Kjersti Næss Finne Kjersti.N.Finne@voss.herad.no