Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Høyringsutkast

Høyringsutkast

Vossaklima 2030, kommunedelplan for klima, klimatilpassing og grøn omstilling vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, jmf. PBL § 10.1. Høyringsfrist er satt til 1. september 2022.

 

Vossaklima 2030 er tufta på FN sine berekraftsmål, og er i tråd med relevante internasjonale, nasjonale og regionale føringar. Planen er utarbeida med eit 12-års perspektiv, med forventa rullering kvart fjerde år. Vossaklima 2030 har som siktemål å redusera direkte klimautslepp, men samstundes ha ei bevisst og styrka satsing på naturen som karbonlager og vossingane sitt klimafotavtrykk. Slik skal Voss herad bidra lokalt i eit arbeid som samstundes gjev meining i ein større global samanheng.

Høyringsutkast på Vossaklima 2030 vart politisk vedteke i Utval for klima og miljø den 31. mai og i Formannskapet den 2. juni.

Høyringsutkastet finn du her (PDF, 4 MB)

Saksutskrift frå politisk handsaming finn du her (PDF, 588 kB)

Har du spørsmål til korleis du skal gå fram?

Kontakt prosjektleiar Gunnhild Utkvitne på e-post: Gunnhild.Utkvitne@voss.herad.no