Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

 

Samleside for frivillig innsats i samband med korona finn du her: Samleside frivillig innsats

 

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Kva er ein kommuneplan?

Kva er ein kommuneplan?

Kommuneplanen er det overordna styringsdokument for Voss herad. Planen peikar ut retninga for heradet som samfunnsplanleggjar, utviklar og tenesteprodusent. 

Heradet skal ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel med handlingsdel, og ein arealdel. Planen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. 

Samfunnsdelen

Samfunnsdelen er retningsgjevande for heradet sin politikk i planperioden.

Gjeldande samfunnsdel (lenkje)

Arealdelen

Arealdelen er ein oversiktsplan som legg føringar for bruken av areala i heile heradet. Heradet sin arealplan består av fire deler:

  • Planomtale
  • Føresegner og retningsliner
  • Plankart
  • Ny arealbruk

Arealplanen skal ta omsyn til mange interesser, behov og utvikling. Samstundes skal arealdelen rette seg etter regionale og nasjonale lover, forskrifter og retningslinjer. Arealdelen skal følgje opp satsingar i samfunnsdelen.

Gjeldande arealdel (lenkje)

Lovverk

Plan- og bygningslova