Voss Herad

Reguleringsplanar

Reguleringsplanar

Har du idear og ynskjer om utbygging, eller lurar du på korleis du kan forhalde deg til godkjende reguleringsplanar? Ta kontakt med planavdelinga for rettleiing.

Oppstart

Det er ein fordel at du orienterar deg i kommuneplanen sin arealdel med føresegner og retningslinjer før du set i gang med planleggingsprosessen. Du kan ta kontakt for eit rådgjevingsmøte med planavdelinga fyrst.

Formelt oppstartsmøte skal haldast før kunngjering og formell varsling om oppstarta regulering. Det er viktig å oppretta ein tidleg kontakt mellom deg som forslagsstillar og kommunen, detvil leggja grunnlaget for ein god prosess. Oppstartsmøtet vil gje ein avklaring på aktuelle tema og spørsmål, men skal ikkje avgjera viktige punkt som vert belyst og avklara i den vidare planprosessen fram til endeleg politisk vedtak. 

Oppstartsmøte tingar du ved å senda skjema for tinging av oppstartsmøte til heradet. Fylgjande skal leggjast ved skjemaet:

  • Kart med forslag til planavgrensing og tilkomst fram til offentleg veg. 
  • Ideskisser på utforming av området
  • Framlegg til planavgrensing på SOSI-fil i gjeldande versjon 

 

Normalt vil du bli kalla inn til møte om lag 2 veker etter tinging. Det er ein føresetnad at du sikrar fagkunnig deltaking på oppstartsmøte. På møtet vil Skjema for oppstart (lenkje) bli fylt ut og underskrive av begge partar.

Reguleringsplanrettleiaren til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Prisar

Rettleiing med planavdelinga er kostnadsfritt.
Private reguleringsplanar er gebyrbelagt.
Prisar for plansaker vert vedteke av kommunestyret kvart år.

 

Lovverk

Plan- og bygningslova

 

Reguleringsplanar

Kontakt

Planavdelinga
E-post
Telefon 56 51 94 00