Voss Herad

SNU Voss - strategisk næringsutvikling i Voss herad

SNU Voss - strategisk næringsutvikling i Voss herad

Med planen «Strategisk næringsutvikling i Voss herad» (SNU Voss) skal me ta grep for å leggja til rette for ei best mogeleg utvikling av nærings- og samfunnsliv på Voss. Me skal ha ei heilskapleg tilnærming til arbeidet og sjå næringsutviklinga i samband med anna samfunnsutvikling i heradet vårt.

Formannskapet vedtok i møte den 1. september å leggja utkast til «Strategisk næringsutvikling i Voss herad» (SNU Voss), temaplan 2023 - 2030, ut til høyring og offentleg ettersyn. 

Samstundes vert utkast til "Reiselivsstrategi for Voss" (vedlegg til SNU Voss) lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. 

Høyringsfrist er satt til 21. oktober 2022. 
 

Hovudformålet med SNU Voss er å sørgja for at Voss herad er i vekst og er ein føretrekt stad å vidareutvikla og etablera berekraftige verksemder og næringar. FN sine berekraftsmål og samfunnsplanen er førande for planen. Vidare heng måla i planen tett i hop med måla i andre planar som Vossaklima og Voss i vekst.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utkast til SNU Voss - strategisk næringsutvikling i Voss herad finn du her (PDF, 2 MB)

Utkast til Reiselivsstrategi for Voss finn du her (PDF, 2 MB)

Sjå kunnskapsgrunnlaget her (PDF, 4 MB)

Sjå rapporten "Analyse av næringslivet på Voss" (Menon, mars 2021)  (PDF, 2 MB)

 

Har du spørsmål til arbeidet med SNU Voss?

Ta kontakt med spesialrådgjevar Gunnhild Utkvitne på e-post: gunnhild.utkvitne@voss.herad.no