Voss Herad

Krigen i Ukraina

Voss herad riggar seg for å busetja mange flyktningar, som fylgje av krigen i Ukraina.

Her finn du informasjon om kva Voss herad gjer, og korleis du kan hjelpa: 

Kva gjer me i Voss herad?   

 

Voss i vekst

Voss i vekst

Temaplan for Voss i vekst skal skildra korleis Voss herad kan styrka utdannings- og kompetansenivået i heile heradet, inklusive kommuneorganisasjonen.  Målet med temaplanen er å finna ut kva som må til for å skaffa nok og rett kompetanse, og korleis me skal sikra dette.  Planarbeidet starta opp våren 2021, og endeleg politisk handsaming er planlagt hausten 2022. 

  

Vil du vera med?  

Planen ligg no ute på offentleg høyring , og me treng dine innspel!  

For å bidra kan du senda eventuelle merknader til planforslaget innan frist 15.08.22 til Voss herad, postboks 145, 5701 Voss, eller på e-post: postmottak@voss.herad.no.

Dokument finn du her:

Temaplan Voss i vekst (PDF, 6 MB) 

Analysevedlegg (PDF, 800 kB) 

 Kunnskapsgrunnlag (PDF, 2 MB)

Følg også med på

Voss herad sin side på Facebook

Bakgrunn

I 2020 kom det ein rapport frå NOU som viser til at det som følgje av samfunnsutviklinga vil vera eit kontinuerleg behov for kompetansebygging framover. Slik det ser ut nå så vil Voss ha store utfordringar med å få nok folk med rett kompetanse i framtida. Me treng ein ny distriktspolitikk og bør tenkja nytt for å skapa berekraftige samfunn i distrikta som kan handtera demografiutfordringane.

I tråd med FN sitt berekraftmål nr 4 «God utdanning», skal Voss herad sikra ei god utdanning og fremja livslang læring for alle. Innan 2030 skal me ha ein monaleg auke i tal på unge og vaksne med kompetanse som er relevant for sysselsetjing, arbeid og entreprenørskap. Voss herad skal tilby eit breidde av læreplassar, og samarbeida med andre for å etablera fleire av desse. På denne måten vil me tryggja at næringsliv og offentleg sektor i heradet har tilgang til relevant kompetanse for framtida. Dette skjer ikkje av seg sjølv, og difor må me ha ein plan.    

Mål for planen

  

Hovudmål

Arbeidslivet på Voss må ha tilgang på nok og rett kompetanse. Målet med temaplanen er å finna ut kva som må til og korleis me skal sikra dette.

Delmål 1

Voss herad treng å utnytta dei ressursane me har. Som eit delmål skal planen klargjera korleis me sikrar at folk gjennomfører utdanningsløpet, og at dei som står utanfor arbeidslivet kjem seg inn.

Delmål 2

Det andre delmålet er å rusta oss for eit arbeids – og næringsliv i endring.

Delmål 3

Kultur – og fritidstilbod kan trekkja folk med høgare kompetanse. Korleis kan me best mogleg utnytta potensialet som ligg her?

«Voss i vekst» vil fungera som eit strategisk styringsdokument og rammeverk. Den skal vera ein plan som gjev føringar på arbeidsmetodikk, prinsipp og ivaretaking av arbeidet tverrsektorielt. Den skal også ta utgangspunkt i delmål frå kommuneplanen sin samfunnsdel og innehalda oversikt over kva mål og strategiar temaplanen skal bidra til å nå. Planen skal gjelda frå 2022 - 2032.

Kva skal Voss herad satsa spesielt på?

   

For å kunna leggja til rette for å skaffa nok og rett kompetanse, skal Voss herad jobba med tre innsatsområde:

  •  Kompetansekommunen Voss
  •  Framtidig arbeidsliv
  •  Ivareta og utvikla kultur- og fritidstilbod

Alle tenestene i Voss herad skal verta utvikla i tråd med desse tre innsatsområda. Det vil vera essensielt at Voss herad samarbeider tett med næringslivet og frivillig lagsliv for å koma fram til dei beste løysingane.

Verktøykasse

  

I temaplanen ynskjer me å presentera ei verktøykasse med moglege tiltak til kvart innsatsområde. Det er for å ha ein tilnærming der det er enklast mogleg å nytta temaplanen til noko konkret og nyttig, med informasjon som er lettfatteleg for alle å forstå.

Medverknad

   

For å nå hovudmålet må me finna ut korleis skal me få tak i nok og rette folk til stillingar i heradet? Korleis skal me få dei til å vera i stillinga si? Utfordringane med å skaffa kompetanse er samansette, krev eit omstillingsdyktig og innovativt samfunn . Me må løysa desse utfordringane i fellesskap for å klara å sjå heile biletet. Då er prosessen for medverknad essensiell – kva kan Voss herad gjera for næringslivet i kommunen slik at dei klarer å rekruttera når dei treng det? Kva kan kommunen leggja til rette for?  Forankring og medverknad vert viktig, og vil stå sentralt gjennom heile planprosessen. 

Har du spørsmål til arbeidet med Voss i vekst?

Ta kontakt med prosjektleiar Silje Heistein Lund på e-post: silje.h.lund@voss.herad.no

Kjelder

NOU 2020:15 : «Det handler om Norge - Bærekraft i hele landet. Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene»