Kommunal inkasso

Voss herad driv eigeninkasso og krev inn alle typar av ubetalte krav som kommunen har uteståande.

Dette vil vera krav som gjeld uteståande frå til dømes:

  • Kommunale barnehagar
  • Skulefritidsordninga (SFO)
  • Kommunale avgifter og eigedomsskatt
  • Pleie og omsorgstenesta
  • Husleige
  • Tekniske tjenester
  • Andre fakturakrav frå kommunen

 

Slik betaler du inkassokrav

Du mottar en betalingsoppfordring eller et inkassovarsel. Har du ikkje giroen tilgjengeleg, kan du betale slik:
Kontonummer: 3201.46.70989, merkast med saksnr. eller KID.

Dersom du ikkje betalar

Dersom du ikkje betalar vil Voss herad igangsette tvangsinnfordring.

Krav som gjelder kommunale avgifter og eigedomsskatt er sikra ved lovbestemt pant (legalpant) i eigedomen. Dette betyr at kommunen har automatisk panterett for ubetalte krav. Slik panterett har rettsvern utan tinglysing og går framfor andre heftingar i eigedomen. Panteretten er også særskilt tvangsgrunnlag og kan danne grunnlag for begjæring om tvangssal av eigedomen.

Klage

Har du mottatt ein betalingsoppfordring frå Voss herad som du er ueinig i, må du sende ein skriftleg klage innan fristen som er oppgitt i brevet.