Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/generell-informasjon-koronavirus-pa-flere-sprak/

Voss reinseanlegg

Voss reinseanlegg

Hovudreinseanlegget i Gjernesmoen vart sett i drift i 1990. Reinseanlegget har mekanisk, biologisk og kjemiske reinsetrinn samt ein rotnetank for slam.  

Anlegget er dimensjonert for 20.000 personar. Det er kap 14 i Forurensningsforskrifta som set krav til drift og reinseresultat.

Slammet som vert tatt ut av avløpsvatnet vert pumpa opp i rotnetanken der ein har ei opphaldstid på ca 20 dager i 37 grader utan luft. Ein får då ei redusert mengde organisk substans i slammet, og utvinn biogass. Denne gassen vert brukt til oppvarming av reinseanlegget. Slammet går vidare til avvatning og sidan vert det køyrt til Grøn vekst Vestlandet som lager jordprodukt.

Det reinsa vatnet vert sleppt ut på om lag 15 meter djup i Vangsvatnet. Vangsvatnet er av god badekvalitet med akseptabelt bakterieinnhald.

Kontakt

Voss reinseanlegg
E-post
Telefon 56 51 63 10

 

Telefon vert kobla til vakttlf utanom arbeidstid.