Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Separering av overvatn og spillvatn i Ullestadvegen

Separering av overvatn og spillvatn i Ullestadvegen

Voss herad byrjar i veke 34 separering av spillvatn og overvatn i ullestadvegen. Prosjektet har vore ute på anbod, og er tildelt Hirth Himle entreprenør AS.

Det skal frå veke 34 og utover hausten renoverast ca 120m vass- og avløpsleidning i Ullestadvegen. Renoveringa utførast grunna gamalt avløpsnett av typen felles avløpsleidning, der overvatn og spillvatn går i same leidning. Dette er ikkje ynskjeleg på grunn av behov for stor dimesnjon, pumping av tilnærma reint overvatn samt reinsing av overvatn. Leidninga vert difor separert slik at overvatn og spillvatn får renna i separate løp. Overvatn vert då ført til vassdrag eller anna resipient, medan spillvatnet sendast til nærmaste reinseanlegg i Gjernesmoen.

Då me først har open grøfta tek me og å renoverar vassleidninga i området. Her vert den gamle vassleidninga og anboringar fjerna, og stikkleidningar istaden trekkt frå nye koplingspunkt kommunal kumme, ut til abonnentar i området. Dette gjev betre sikring dersom det skulle førekome vasslekkasje i området, samt reduserar antalet svake punkt forårsaka av anboringar på vassleidninga.

Klikk for stort bilete 

Vossevangen Vassbehandlingsanlegg vert i år flaumsikra for storflaum tilsvarande flaumen i 2014.

Voss herad, teknisk avd, vatn og avløp meldar om svært høgt forbruk av vatn grunna sommarvarme.
Me ber abonnentane våre lese gjennom skjema under å redusere unødig vassforbruk