Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Septik, slamtømming, olje- og feittutskiljar

Septik, slamtømming, olje- og feittutskiljar

Det er innført tvungen slamtømming i Voss herad. 

I område utan offentleg leidningsnett må det søkjast om separat utsleppsløyve.

For verksemder som har olje- eller feitthaldig avløpsvatn må det søkjast særskilt om påslepp til kommunalt leidningsnett. 

Søknad om utslepp

Kommunen er forureiningsmynde og har ansvaret for utsleppsløyver for alle utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande verksemd. Utslepp mindre enn 50 pe. vert sakshandsama av byggesaksavdelinga. Krav til slike anlegg er heimla i kap 11 og 12 i forureingsforskrifta.  Utslepp større enn 50 pe vert sakshandsama av driftsavdelinga. Krav til slike anlegg er heimla i kap 13 i forureininsforskrifta. I forskrifta stillast det strenge krav til innhaldet i søknad om utsleppsløyve, blant anna krav til dokumentasjon av reinsekrav.

Søknadskjema for reinseanlegg mindre enn 50 pe.

Retningsliner for spreidd avløp.

Søknadskjema for reinseanlegg større enn 50 pe.

Krav til tilkomstvegen til nye anlegg finn ein i Forskrift om tømming av avløpsanlegg og betaling av gebyr. (PDF, 32 kB)

 

Slamtømming

Det er innført tvungen slamtømming i Voss kommune.  

All slamtømming skal utførast av den renovatøren Voss herad har kontrakt med. Pr 2020 er det Norva24 Birkeland, avd Bergen.
Innbyggjarane må sjølve ta kontakt med firma.  

Norva24 Birkeland

Slamtømming er nærare beskrive i  Forskrift om tømming av avløpsanlegg og betaling av gebyr (PDF, 32 kB)

 

Olje- og feittutskiljar

For verksemder som har olje- eller feitthaldig avløpsvatn må det søkjast særskilt om påslepp til kommunalt leidningsnett. 

Oljehaldig avløpsvatn

Oljehaldig avløpsvatn frå vaskeplassar, bensinstasjonar, bilverkstad og liknande skal passera sandfang og oljeutskiljar før det ledast til kommunalt nett. Dette er regulert i kap 15 forureiningsforskrifta. Det skal søkjast om påslepp av oljehaldig avløpsvatn til kommunen. Vilkår for påslepp av oljehaldig avløpsvatn kan nyttast som informasjon i forkant av ein søkjeprosess. Søknadskjema finn du her. (PDF, 505 kB)

Feitt i avløpsvatnet

Alle typar serveringsstadar som lagar/serverar varm mat og alle næringsmiddel-verksemder med feitthaldig avløpsvatn skal ha installert feittutskiljar av ein viss storleik før vatnet tilkoplast kommunal nett. Sjå  kap 15a forureiningsforskrifta.

Påslepp av matavfall som er malt opp til kommunalt avløpsnett frå verksemder og hushald er forbode. Dette er i tråd med kap 15a forureiningsforskrifta.

Kontakt

Septik og slamtømming
E-post
Telefon 56 51 94 00


Norva24 Birkeland, avd Bergen :

tlf 57 78 11 70
døgnbemanna vakttlf 970 10 092.

Epost: slovag@norva24.no