Ny eller endra avkøyrsel

Ny, endra bruk eller utviding av eksisterande avkøyrsel frå offentleg veg til privat eigedom er søknadspliktig. 

Når det skal byggjast ei avkøyrsel frå offentleg veg er det viktig at denne vert bygd slik at trafikktrykkleiken for alle som ferdast langs vegen vert ivaretatt, og at det ikkje fører til større ulempe for drift og vedlikehald av vegen. I Voss Herad er dette gjeldande retningslinjer for avkjørsler til kommunal veg (PDF, 112 kB). Retningslinjene gjeld også i regulerte områder.

Ein søknad om avkøyrsel til offentleg veg vert behandla av vegeigar. Søknaden vert handsama etter Veglova eller plan- og bygningslova. Ein kan nytta Statens Vegvesen sin søkjeportal for avkøyringar for alle offentlege vegar:  Avkjørsel | Statens vegvesen. Søknaden vil då verta vidaresendt til Voss Herad for kommunale vegar, Vestland fylkeskommune for fylkesvegar og Statens vegvesen for riks- og europaveg. 

Dersom søknaden gjeld kommunal veg kan ein også søkja direkte til Voss herad ved bruk av dette søknadsskjemaet (DOC, 58 kB) som sendest til postmottak@voss.herad.no

Eit avkøyringsløyve gjeld kun sjølve tilknytningspunktet mellom offentleg veg og privat eigedom. Løyve vil såleis ikkje gje f.eks byggjetillatelse for andre tiltak på eigedommen. Før alle gravearbeid i eller nær (3 m) den offentlege vegen skal det føreliggja graveløyve med tilhøyrande varslingsplan (skiltplan). Generell byggegrense til kommunal veg er 15 m og til fylkes og riksveg er 50 m frå senter av veg. Dersom du skal byggje tettare til vegen enn dette må det også søkjast om dispensasjon byggegrense veg.