Offentleg ettersyn og høyringsinnspel

Fyrstegongs handsaming av sak om barnehage- og skulestruktur vart gjort i Formannskapet, plan og økonomi 16. oktober 2025.  

Formannskapet vedtek å leggja «Ein barnehage og skule for framtida - 2026 – 2045» med vedlegg, ut på høyring for offentleg ettersyn.   Høyringsperioden er frå 17. oktober – 27. november 2025.

Det vert planlagt folkemøte i høyringsperioden etter fylgjande oppsett:  

  • Granvin barne og ungdomskule onsdag 29. oktober
  • Evanger skule torsdag 30. oktober
  • Vossestrand barne og ungdomskule tysdag 11. november
  • Voss ungdomskule onsdag 12. november

Send innspel til sak om barnehage- og skulestruktur her