Nasjonale prøvar

Nasjonale prøvar er elektroniske prøvar i lesing, rekning og engelsk. Prøvane skal gje resultat om eleven på individ-,  gruppe-, og skulenivå. Resultata gir òg informasjon til lokale og nasjonale myndigheiter.

Prøvane vert gjennomført om hausten, kort tid etter at elevane har starta på 5., 8. og 9. trinn. Det tek inntil 90 minutt å gjennomføra ein prøve i lesing og rekning, og inntil 60 minutt å gjennomføra ein prøve i engelsk.

Korleis nyttar ein nasjonale prøvar?

  • Lærarane skal bruka resultata for å følgja opp elevane sine, og i arbeidet med undervegsvurdering og tilpassa opplæring.
  • Kommunar og skular skal bruka resultata som grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa.
  • Forskarar kan søka om å få utlevert resultat frå nasjonale prøvar til bruk i forsking.

Resultata frå dei nasjonale prøvane gir eit avgrensa bilete av ferdigheitene og kompetansen eleven har. Resultata må difor alltid sjåast i samanheng med annan relevant informasjon om elevane, skulen og kommunen.

Eleven og foreldra/føresette skal få tilbakemelding frå læraren om resultata fra prøvane når resultata er klare. Resultata skal ikkje brukast til å setja karakter, men dei skal gje eit grunnlag for å vurdera kva eleven bør arbeide meir med.  

Lærarane, skuleleiinga og Utdanningsdirektoratet har tilgang til resultata på elevnivå. Alle har teieplikt om prøveresultata til den enkelte elev, og det vert stilt strenge krav til at eleven sitt personvern blir ivareteke. Resultata frå prøvane vert brukt i analysar som skuleeigar og skuleleiarar skal bruka i arbeidet med å utvikla kvaliteten på skulane.

Kven skal gjennomføra nasjonale prøvar?

Elevar på 5. og 8. trinn skal gjennomføra nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk. Elevar på 9. trinn skal gjennomføra nasjonale prøvar i lesing og rekning. Prøvane på 9. trinn er dei same som for 8.trinn, slik at skuler kan samanlikna resultata for 8. trinn med resultata frå 9. trinn det same året.

Fritak frå nasjonale prøvar

Hovudregelen er at alle elevar skal delta på nasjonale prøvar. Elevar med rett til spesialundervisning eller rett til særskilt norskopplæring kan få fritak, men berre om det er klart at prøveresultatet ikkje vil få mykje å seie for den vidare opplæringa.

Om eleven har rett til fritak, kan eleven sjølv, eller foreldra/føresette, likevel bestemma at eleven skal gjennomføra prøven. Les meir om vurderinga av fritak

Du må ta kontakt med eigen skule om du skal søkja fritak.

Tilrettelegging for enkeltelevar

Enkelte elevar kan ha behov for tilrettelegging. Rektor, i samråd med eleven sin lærar, ansvar for tilrettelegginga.

Nasjonale prøvar er tilrettelagt og omsett til teiknspråk i rekning, og punktskrift i rekning og lesing.