Utleige av rom i kommunale skular

Les meir på denne sida om korleis du går fram for å leiga rom i Vossaskulane og kva reglement og instruksar som gjeld. 

Dersom du skal leiga rom/gymsal på ein av skulane i Voss herad nyttar du det digitale bookingsystemet Book-up.:

Book-up Voss herad

Opprett ein brukar og logg inn før du vel skulen du ynskjer å leiga rom på. Hugs å skriv tydeleg kven som skal leiga. Søknaden vert behandla av den einskilde skule.

Dersom ein ynskjer å leiga skular til overnatting, må ein ta direkte kontakt med den aktuelle skulen

 

Reglement og instruksar

Reglement for utleige av rom i kommunale skular, skal sikra ei ryddig og rettferdig utleige av kommunale skulelokale, med særleg fokus på å prioritera aktivitetar for born og unge i lokalmiljøet, samt i ivareta skulen sine behov og vedlikehald av lokala.

Reglement for utleige av rom i kommunale skular i Voss herad (PDF, 172 kB)

Instruks for overnatting på skular, barnehagar og andre formålsbygg i Voss herad (PDF, 99 kB)

 

Du kan lesa meir om utleige av gymsalar og idrettsanlegg på denne sida: 

Utlan av idrettsanlegg/gymsalar skuleåret 2025-2026