Støtte ved demens og hukommelsesvanskar

Har du eller nokon du kjenner utfordringar med hukommelse? Du kan få støtte og rettleiing frå Hukommelsesteamet – utan krav om søknad eller legeerklæring. Tilbodet er gratis.

Kva hjelp kan du få?

Hukommelsesteamet kan hjelpa deg med:

  • Kartlegging av hukommelsesvanskar – som regel heime hjå den det gjeld
  • Samarbeid med fastlege ved behov for enkel demensutgreiing (det er legen som stiller diagnose)
  • Oppfølging etter diagnose – støtte og rettleiing til både personar med demens og pårørande

Gruppetilbod og kurs 2025

Gruppetilbod og kurs 2025
Tilbod/KursFor kven?Når?
PårørandeskulePårørandeKvar haust
SamtalegruppePersonar som har demensTa kontakt for informasjon
Andre gruppetilbodPersonar som har demensTa kontakt for informasjon
SamtalegruppePårørandeTa konakt for informasjon

Kven kan få hjelp?

  • Personar som har fått eller mistenker demens
  • Pårørande

Slik får du hjelp

Du kan ta direkte kontakt med Hukommelsesteamet:

Telefontid
Måndag - fredag: kl. 09.00-14.00
Onsdag: kl. 16.00-20.00

Adresse
Hagahaugvegen 30

Kva er Hukommelsesteamet?

Teamet består av:

  • Demenskoordinator
  • Ergoterapeut
  • Sjukepleiar

Alle har lang erfaring innan demensomsorg. Dei brukar nasjonale retningslinjer og faglege verktøy for å sikre god kvalitet i oppfølginga av personar med demens og pårørande.

Samarbeidspartnarar:

  • Fastlegar og tilsynslegar på sjukeheimar
  • Spesialisthelsetenesta
  • Heimetenestene
  • Dagtilbod for personar med demens
  • NAV Hjelpemiddelsentral
  • Voss Frivilligssentral og andre frivillige organisasjonar
  • Voss demensforeining