Tryggleiksalarm | Du trykkjer på ein knapp for å få hjelp. Alarmen går til ein vaktsentral som kontaktar deg og sender hjelp. | Deg som bur åleine og ønskjer ekstra tryggleik, har helsemessige utfordringar, har risiko for å falle eller treng rask hjelp |
RoomMate | Overvakar rommet utan at du treng å bere noko. Sender automatisk varsel til helsepersonell ved kritiske hendingar. | Deg som treng tilsyn utan å bruke alarm eller utstyr på kroppen. |
GPS klokke | Viser kvar du er og sender posisjonen til pårørande eller heimesjukepleia. Varslar om du går utanfor eit avtalt område. | Deg som har vanskar med å orientera deg. |
Røykvarslar | Koplast til tryggleiksalarmen. Heimesjukepleia får varsel ved røyk. | Deg som er eldre eller har nedsett funksjonsevne. |
Sengesensor | Varslar heimesjukepleia om du er borte frå senga lenge om natta. | Deg som kan falle eller treng hjelp om natta. |
Dørsensor | Varslar heimesjukepleia om ei dør blir opna utanom avtalt tid. | Deg som treng tilsyn for å vere trygg i heimen. |
Elektronisk dørlås | Gjer det mogleg for heimebaserte tenester å låse seg inn utan vanleg nøkkel. Løysinga er trygg og loggfører alle opningar. Du kan framleis bruke din eigen nøkkel. | Deg som får heimebaserte tenester og treng at helsepersonell kan kome inn utan å opne døra sjølv. |