Grøn november 2023 har som føremål å synleggjera og lyfte mangfaldet som finnast innan ombruk, reparasjon, utlån- og deleordningar, sirkulære løysingar og bidrag innan sosial berekraft.
Voss herad har sett av totalt 100 000kr til frivillige organisasjonar som gjennomfører arrangement under Grøn november.
Søknadane behandlast fortløpande etter fyrstemann til mølla-prinsippet.
Søknadsfrist er 26.10.2023
Kven kan få støtte?
-
Frivillige organisasjonar med folkeregistrert adresse i Voss herad.
Kva kan du få støtte til?
- Arrangement må ha som føremål å bidra til å redusera materielt forbruk og avfallsmengd og/eller gode sirkulære løysingar. Les gjerne meir under satsingsområda 9, 10, 11 og 12 i Vossaklima
2030
Døme på arrangement kan vera reparasjon og ombruk innan kle, sykkel, ski, elektronikk, utstyr, utlån- og deleordningar, workshop innan matsvinn, gjenbruk av tremateriale, prosjekt innan delingsøkonomi og bidrag til sosial berekraft. Me er opne for eit breitt spekter av innfallsvinklar
Vilkår for å motta støtte:
- Arrangementet må gjennomførast i løpet av november. Gamlekinoen er disponibel i perioden 20. - 24. november.
- Kvart arrangement støttast med opptil 10.000 kr.
- Kvar organisasjon kan maksimalt få innvilga støtte til eitt arrangement.
- Aktivitetar og arrangement som vert gjennomført under Grøn November bør vera gratis eller ha ein symbolsk pris.
- Alle arrangement vert meldt inn som ein del av det offisielle programmet til Grøn November og lagt inn i aktivitetskalender.
- Marknadsføring skjer i tråd med den grafiske profilen til Grøn November. Ved tildelt støtte får de tilsendt logo og anna grafisk materiell.
Kva må søknaden innehalde?
- Kort skildring av arrangementet:tid, stad, type aktivitet, målgruppe og praktisk gjennomføring.
- Kort skildring av korleis arrangementet kan bidra til ei berekraftig utvikling.
- Enkelt budsjett.
Svarfrist:
- Søkjar får svar innan 2 veker.
- Dersom arrangementet vert avlyst, utsett eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet krevjast tilbakebetalt. Beløpet vert innkrevd gjennom varsel og faktura frå Voss herad.
Krav til rapportering:
- Det skal leverast ein kort rapport i etterkant av arrangementet med informasjon om gjennomføring, evaluering, korleis tilskotet vart brukt og eit bilete frå arrangementet.
- Rapporten må sendast innan 1. desember 2023.
Utbetaling:
- Utbetaling skjer seinast ei veke etter innlevert rapport.
Spørsmål?
Ta kontakt med klima- og miljørådgjevar Ingrid Lydvo ingrid.lydvo@voss.herad.no eller Leiar for ungdomsarbeid Kristine Akselberg kristine.akselbelg@voss.herad.no