PersonvernombodPersonvernombodet skal passa på at kommunen behandlar personopplysingane dine i tråd med lovar og god praksis. Du kan ta kontakt med personvernombodet viss du lurar på korleis kommunen handterer dine personopplysingar. Sist endra 23.10.2026 13.09 Voss herad har ein avtale med Bergen kommune om personvernombod.Personvernombodet skal: Kontrollera at verksemda overheld personopplysingslova.«Ombudet skal kontrollere overholdelsen av personvernlovgivningen og andre relevante regelverk med personvernbestemmelser, samt virksomhetens egne interne retningslinjer for personvern.»Gje råd om vurdering av personvernkonsekvensarSamarbeide med Datatilsynet og ha funksjon som kontaktpunkt – internt og eksterntBidra til å få oversikt over behandlingane i verksemdaKva betyr det for deg?Er du tilsett eller leiar og lurar på noko som har med personvern å gjere, så kan du ta kontakt. Personvernombodet kan rådgje og rettleie dykk som tilsette i det daglege arbeidet de gjer. Dette gjeld og dersom eininga eller avdelinga di skal innføre eit nytt system eller ny rutine.Er du innbyggjar og lurar på noko i samband med personvern, eller om du lurar på kva rettar du har i samband med personopplysningane heradet har om deg, så kan du og ta kontakt. Personvernombodet skal fungera som eit kontaktpunkt mellom deg som innbyggjar og heradet som offentleg instans.Kontaktinformasjon til personvernombodet Du kan kontakta personvernombodet i Voss herad på E-post: ombudskommune@bergen.kommune.noTelefon: 900 60 524Postadresse: Voss herad v/ Personvernombodet, Postboks 145, 5701 VossSjå meir info om personvernombodet på datatilsynet sine sider.