Du har generell rett til å be om ein verksemd samlar inn og brukar personopplysingar om deg. Dersom Voss herad har lagra personopplysningar om deg, har du rett til å vita kva opplysningar dette gjeld. Du har rett til informasjon om formålet til behandlinga, eventuell utlevering til andre, lagringstid, rettar knytt til behandlinga, kva kjelder opplysningane kjem frå, m.m.
Skjema for innsyn finn du her.
Voss herad har plikt til å svara seinast etter ein månad etter at me har fått førespurnaden. Frist kan bli forlenga til ytterlegare 2 månadar, då med skriftleg grunngjeving for forseinkinga.
Innsynsførespurnaden er gratis, ved mindre førespurnaden er openbart grunnlaus eller overdriven. Voss herad skal på oppfordring gi deg ein kopi av opplysningane som blir behandla. Dersom du ynskjer fleire kopier kan me krevja eit rimeleg gebyr basert på administrasjonskonstadane.
Det er nokre unntak frå innsynsretten:
- Dersom hemmeleghald er naudsynt i forbindelse med etterforsking eller rettsleg forfølging av straffbare handlingar.
- Dersom det er utilrådeleg at du får kjennskap til opplysningane av omsyn til din eigen helse eller forhold til nære pårørande.
- Dersom opplysningane er omfatta av lovfesta teieplikt eller om innsynet vil krenka rettane dine.
Om me ikkje gir innsyn etter førespurnaden vil me gi ei skriftleg grunngjeving med tilvising av aktuell lovheimel.
Voss herad har plikt til å sikra personopplysningane, òg ved innsynsførespurnadar. Difor kjem opplysningane anten fysisk via post, digitalt via sikkert digital post eller ved henting etter avtale.
Meir informasjon om innsyn frå Datatilsynet finn du her.