Personvernerklæring innbyggjarar

Voss herad har som mål at personvern og informasjonssikkerheit skal vera ein naturleg del av verksemda.  

Kommunen skal handsama personopplysningar om dei tilsette på ein sikker, lovleg og rettferdig måte. Å «handsama personopplysningar» tyder til dømes at kommunen samlar inn opplysningar, registrerer dei, lagrar dei, samanstiller dei, strukturerer dei eller utleverer dei til andre. 

Denne personvernerklæringa inneheld informasjon om korleis og kvifor kommunen samlar inn og handsamar personopplysningar om deg som innbyggjar og tenestemottakar. Erklæringa inneheld òg informasjon om kva rettar du har når kommunen handsamar personopplysningar om deg.   

All handsaming av personopplysningar i kommunen skal vera tufta på grunnleggjande personvernprinsipp. Det vil seia at kommunen skal handsama personopplysningar om deg:  

  • lovleg, rettferdig, korrekt og ope 
  • tufta på tydeleg definerte føremål 
  • på ein måte som avgrensar innsamlinga til det som er naudsynt  
  • på ein måte som gjer at dei ikkje vert lagra lenger enn det som er naudsynt eller pålagt 
  • konfidensielt og verna mot utilsikta endring 
  • på ein tilgjengeleg måte 
  • på ein måte som sikrar at dei vert haldne oppdaterte 
  • på ein ansvarleg måte som sikrar at personvernet ditt vert teke vare på  

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 5 og Datatilsynet sine sider om personvernprinsipp. 

Kva er personvernregelverket og kva er personopplysningar?    

Personvernregelverket  

Personvernregelverket i Noreg omfattar personopplysningslova med eventuelle forskrifter, og dessutan personvernforordninga til EU. Personvernforordninga vart norsk lov i juli 2018, då ny personopplysningslov tredde i kraft.  

Personvernforordninga gjeld for alle land i EØS/EU, og regulerer om, og i så fall korleis, verksemder kan handsama personopplysningar. Personopplysningslova med forskrifter listar opp norske særreglar for personvern, som kjem i tillegg til krava i personvernforordninga.  

Framlegg til vidare lesing: Personopplysningslova og Datatilsynet sine sider om personopplysningslova med forordning og kva tid ho gjeld. 

Personopplysningar  

Personopplysningar omfattar alle opplysningar som kan knytast til ein einskildperson. Dette kan til dømes vera namn, identifikasjonsnummer, fødselsdato, telefonnummer, adresse, bilete, e-postadresse, opplysningar om finansielle tilhøve, osb.  

Personvernregelverket skil mellom personopplysningar og særlege kategoriar av personopplysningar (tidlegare kalla sensitive personopplysningar). Særlege kategoriar av personopplysningar er opplysningar om etnisk opphav, religion, helseopplysningar, seksuelle tilhøve eller orientering, politisk oppfatning, filosofisk overtyding eller medlemskap i fagforeiningar, og dessutan genetiske og biometriske opplysningar. Slike særlege kategoriar av personopplysningar krev eit ekstra vern.  

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 4 (1) og 9 og Datatilsynet sine sider om kva personopplysningar er. 

Kvifor handsamar me personopplysningar om deg? 

Voss herad handsamar personopplysningar når kommunen skal tilby kommunale tenester og/eller utføra lovpålagde oppgåver, og dessutan for å kunna handsama saker som vedkjem deg.  

Dersom Voss herad ynskjer å handsama personopplysningar som ikkje er naudsynte for å utføra lovpålagde oppgåver eller krevje inn skattar og avgifter, vil du verta informert om at det er friviljug å gje frå seg opplysningane, og dessutan kva føremålet med handsaminga er. Dette vil til dømes vera tilfellet når kommunen sender ut spørjeundersøkingar der samtykke er naudsynt.   

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 4 (2) og artikkel 5 (b). 

Kva er det rettslege grunnlaget for handsaminga av personopplysningane dine? 

For at Voss herad skal kunna levera kommunale tenester, er det naudsynt å handsama personopplysningar. For at handsaminga av personopplysningar skal vera lovleg, må det liggja føre eit grunnlag for handsaminga.   

Kommunen er lovpålagt å tilby tenester til innbyggjarane, og det rettslege grunnlaget for handsaminga, av personopplysningane dine er som oftast lover og forskrifter. 

Her er nokre sentrale lover som regulerer kommunen si handsaming av personopplysningar (lista er ikkje fullstendig):  

  • Personopplysningsloven med forskrifter og tilhøyrande personvernforordning  
  • Offentlegloven 
  • Forvaltningsloven  
  • Arkivloven  
  • Kommuneloven  
  • Regnskapsloven  
  • Ekomloven   

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 6 og 9 og Datatilsynet sine nettsider om å ha grunnlag for handsaming. 

Avtale  

I nokre høve gjer kommunen ein avtale med deg som innbyggjar. Då kan kommunen handsama personopplysningar for å oppfylla avtalen. Det kan til dømes vera å registrera namnet ditt, telefonnummeret og e-postadressa di. Kommunen gjer dette for å kunna identifisera deg, men òg for å kunna koma i kontakt med deg for å gje deg viktig informasjon om avtaleforholdet, eller senda deg faktura, slik at du kan oppfylla pliktane dine etter avtala.  

Spesielt om samtykke  

Dersom kommunen ynskjer å handsama personopplysningar om deg utan heimel i lov, kan me be om samtykke frå deg. I så fall vil du få informasjon om kva handsaminga går ut på, og vil verta beden om å gje aktivt samtykke til handsaminga. Samtykket ditt skal vera friviljug, og du kan trekkja det attende kva tid som helst.  

Kommunen nyttar samtykke som grunnlag for handsaming av personopplysningar berre når me ikkje har eit anna rettsleg grunnlag for handsaminga.   

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 7 og Datatilsynet sine nettsider om samtykke.  

Skildring av det rettslege grunnlaget for kvart tenesteområde 

Nedanfor fylgjer ei kortfatta skildring av det sentrale grunnlaget for dei tenesteområda i kommunen som handsamar store mengder personopplysningar med særleg trong for vern. Oversynet er ikkje fullstendig, og det er lagt vekt på dei tenesteområda det er forventa at dei fleste vil ha interesse av å få informasjon om. Utfyllande informasjon om korleis den einskilde saka om personopplysningar er handsama for kvar kommunal- og stabsavdeling går fram av kommunen sine handsamingsprotokollar. Ein kan få innsyn i desse på førespurnad.  

Spesielt om barnehage og skule  

Voss herad skal tilby innbyggjarane barnehage og skule som del av dei kommunale tenestene. Handsaminga av personopplysningar i barnehagar og skular vil primært skje når ein tilbyr lovpålagde tenester som er regulerte i fylgjande lover (lista er ikkje fullstendig):  

  • Barnehageloven med forskrifter  
  • Opplæringsloven med forskrifter  

Spesielt om eldre og helse  

Voss herad skal tilby innbyggjarane helsehjelp som del av dei kommunale tenestene. Handsaming av personopplysningar i helsesektoren vil primært skje når ein tilbyr lovpålagde tenester som er regulerte i fylgjande lover og forskrifter (lista er ikkje fullstendig):  

  • Helseregisterloven 
  • Helse- og omsorgstjenesteloven  
  • Pasient- og brukerrettighetsloven  
  • Helsepersonelloven 
  • Pasientjournalloven  
  • Forskrift om en verdig eldreomsorg  

Spesielt om arbeid, sosiale tenester og bustad  

Voss herad tilbyr til dømes barneverntenester, sosialtenester og sosiale bu-tenester. Handsaming av personopplysningar for å vareta slike tenester skjer primært når kommunen gjer bruk av offentleg mynde, utfører tenester i ålmenta si interesse eller skal oppfylla plikter og utøva særlege rettar.  

Handsaming av personopplysningar som ein lekk i å tilby lovpålagde tenester, er hovudsakleg heimla i fylgjande lover og forskrifter (lista er ikkje fullstendig): 

  • Helse- og omsorgstjenesteloven  
  • Pasient- og brukerrettighetsloven  
  • Pasientjournalforskriften  
  • Helsepersonelloven  
  • Barnevernloven  
  • Sosialtjenesteloven  
  • Psykisk helsevernloven 
  • Spesialisthelsetjenesteloven  
  • Krisesenterloven  
  • Forskrift om fysisk sikkerhet i krisesentertilbudet 
  • Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten  
  • Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator  
  • Forskrift om individuell plan i arbeids- og velferdsforvaltningen  
  • Tiltaksforskrifta  

Spesielt om kultur, mangfald og likestilling  

Voss herad tilbyr tenester til innbyggjarar for å leggja til rette for kulturopplevingar og for å medverka til auka mangfald og likestilling. Handsaming av personopplysningar for å vareta slike tenester vil primært skje når kommunen gjer bruk av offentleg mynde eller utfører tenester i ålmenta si interesse. I nokre høve er samtykke eller avtale med den det gjeld grunnlaget for å handsama dei aktuelle personopplysningane.  

Handsaming av personopplysningar som ein lekk i å tilby lovpålagde tenester, er hovudsakleg heimla i fylgjande lover og forskrifter (lista er ikkje fullstendig): 

  • Opplæringsloven  
  • Forskrift til opplæringsloven  
  • Statsborgerloven 
  • Integreringsloven  
  • Sosialtjenesteloven  
  • Pasient- og brukerrettighetsloven 

Kva personopplysningar samlar me inn?  

Generelt i kommunen  

Kva personopplysningar kommunen handsamar, er avhengig av tenesta kommunen tilbyr. Det kan til dømes vera (lista er ikkje fullstendig):  

  • Kontaktopplysningar som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse  
  • Opplysningar som er naudsynte for å identifisera deg, som til dømes fødselsnummer, d-nummer for utanlandske statsborgarar utan norsk fødselsnummer, eller informasjon om kjønn og statsborgarskap  
  • Opplysningar om relasjon til andre, som til dømes namn på ektefelle, sambuar, born eller sivilstatus 
  • Opplysningar knytt til dei tenestene du nyttar som innbyggjar, som til dømes barnehage, skule, byggesakstenester, forbruk av vatn eller helsetenester  
  • Opplysningar om innhaldet i ei sak, som søknad og vurderingar  
  • Opplysningar om eigarskap og verdi av eigedom og økonomiske opplysingar  
  • Helseopplysningar  

Spesielt for barnehage og skule  

Kommunen tilbyr barnehage og skule til innbyggjarane. Det vert nytta ulike fagsystem, i tillegg til kommunen sine sentrale saks- og arkivsystem, for å kunna tilby slike tenester. Nedanfor er ei liste over opplysningar som, ut over dei opplysningane som vert handsama generelt i kommunen, vert handsama innanfor tenesteområda barnehage og skule (lista er ikkje fullstendig):  

  • Informasjon om kva skule og klassetrinn eleven høyrer til, og eventuelle undergrupper  
  • Opplysningar om utdanning og yrkesval  
  • Resultat av kartleggingar og vurderingar  
  • Lydopptak, bilete og video  
  • Føresette sin sivilstatus  
  • Informasjon om etnisk opphav  

Spesielt for eldre og helse  

Kommunen tilbyr ei rekkje helsetenester til innbyggjarane generelt, som butilbod og opphald i institusjon og tenester til heimebuande. Det vert nytta ulike fagsystem, i tillegg til kommunen sine sentrale administrative system, for å kunna tilby slike tenester. Nedanfor er ei liste over opplysningar som, ut over dei opplysningane som vert handsama generelt i kommunen, vert handsama innanfor tenesteområda eldre og helse (lista er ikkje fullstendig):  

  • Opplysningar om pårørande  
  • Journalopplysningar  
  • Opplysningar om religiøs oppfatning  
  • Informasjon om eventuelle bekymringsmeldingar  
  • Informasjon om eventuelle straffesaker  
  • Eventuelle vurderingar av heimel for tvang  
  • Opplysningar om innmeldar (viss det er relevant)  
  • Opplysningar om verje (viss det er relevant)  
  • Opplysningar om avlastar (viss det er relevant)  

I tillegg vert fylgjande opplysningar handsama når det gjeld innvandrarar og flyktningar som nyleg er komne til landet (lista er ikkje fullstendig):  

  • Opphavsland  
  • Språk  
  • Opphaldsstatus  
  • Tinging av tolk 
  • Reiseinformasjon  
  • Opplysningar om etnisk bakgrunn  

Spesielt for arbeid, sosiale tenester og bustad  

Kommunen tilbyr tenester innan fagområda arbeid, sosiale tenester og sosiale bustadtenester. Det vert nytta ulike fagsystem, i tillegg til kommunen sine sentrale administrative system, for å kunna tilby slike tenester. Nedanfor er ei liste over opplysningar som, ut over dei opplysningane som vert handsama generelt i kommunen, vert handsama innanfor tenesteområda arbeid, sosiale tenester og bustad. (lista er ikkje fullstendig):  

  • Journalopplysningar 
  • Opplysningar om pårørande  
  • Opplysningar om eventuelle bekymringsmeldingar  
  • Opplysningar om eventuelle straffedomar/lovbrot 
  • Bilete  
  • Videokonsultasjon  
  • Skildring av hendingar  
  • Sivilstand  
  • Informasjon om familierelasjonar  
  • Sosiale tilhøve  
  • Arbeidsevne  
  • Arbeidssituasjon  
  • Økonomiske opplysningar  
  • Bustønad 
  • Informasjon om rushistorikk/bruk av rusmiddel 
  • Opphaldsgrunnlag i Noreg (for ikkje-norske statsborgarar)  

Personopplysningar som vert handsama ved graviditet:  

  • Barnefar  
  • Termindato  

Spesielt om kultur, mangfald og likestilling  

Kommunen tilbyr tenester innan fagområda kultur, mangfald og likestilling. Det vert nytta ulike fagsystem, i tillegg til kommunen sine sentrale administrative system, for å kunna tilby slike tenester. Nedanfor er ei liste over opplysningar som, ut over dei opplysningane som vert handsama generelt i kommunen, vert handsama innanfor tenesteområda for kultur, mangfald og likestilling (lista er ikkje fullstendig): 

  • Utdanning  
  • Arbeidserfaring  
  • Familietilhøve  
  • Sosiale tilhøve  
  • Butilhøve  
  • Juridiske tilhøve  
  • Økonomiske opplysningar  

For vaksenopplæring vert det i tillegg registrert fylgjande opplysningar (lista er ikkje fullstendig):  

  • Elevnummer  
  • Skulearbeid og vurderingar, inkludert prøveresultat  
  • Saksopplysningar  
  • Kandidatopplysningar  
  • Kartlegging og vurdering av kompetanse  
  • Fråvær  
  • Sakkunnig vurdering  

Kvar hentar me opplysningane frå? 

Frå deg 

Voss herad samlar ved fleire høve inn personopplysningar direkte frå deg. Dette kan til dømes vera når du søkjer om ei teneste frå kommunen, eller når du nyttar deg av tenestene våre.  

Frå kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR)  

Digitaliseringsdirektoratet har etablert eit sentralt kontakt- og reservasjonsregister, som kommunen nyttar for å samla inn kontaktopplysningar om deg, slik at me kan senda deg meldingar og dokument elektronisk.  

Innbyggjarane må sjølve oppdatera eigne opplysningar i KRR dersom dei får ny e-postadresse eller nytt telefonnummer.  

Kontakt- og reservasjonsregisteret kan innehalda:  

  • Mobilnummeret og e-postadressa di  
  • Opplysningar om kva digital postkasse du har valt  
  • Språkval for elektronisk kommunikasjon  
  • Om du har reservert deg mot elektronisk kommunikasjon  

For ytterlegare informasjon om dette registeret, sjå http://eid.difi.no/nb/kontakt-og-reservasjonsregisteret 

Frå andre offentlege etatar  

Ved lovpålagde oppgåver og tenester kan me, der det er naudsynt, henta opplysningar om deg frå andre offentlege etatar, som til dømes Skatteetaten, NAV eller Folkeregisteret.  

Kven deler me personopplysningar med? 

Overføring av opplysningar internt i EU/EØS  

Ved nokre høve vert personopplysningane dine overførte til eksterne mottakarar. Dette vil typisk vera til andre offentlege etatar som til dømes NAV, ulike sjukehus, Utdanningsdirektoratet, Skatteetaten. Viss me deler personopplysningar med andre offentlege etatar, skjer det som oftast fordi me er pålagde å gjera det gjennom lov eller forskrift.  

Voss herad nyttar òg eksterne leverandørar til å levera ulike system og tenester til kommunen. Når  personopplysningar vert handsama i slike system, vil den eksterne leverandøren ha tilgang til opplysningar om deg. For å sikra at personvernet vert vareteke har kommunen og dei eksterne leverandørane gjort avtalar som regulerer handsaminga og tryggleiken rundt handsaminga. 

Overføring av opplysningar til land utanfor EU/EØS  

Voss herad jobbar for at alle personopplysningar kommunen handsamar skal handsamast berre innanfor EU/EØS. Ved nokre høve vil likevel personopplysningar verta overførte til såkalla tredjeland utanfor EU/EØS. Då skal det liggja føre eit gyldig overføringsgrunnlag. 

Kor lenge lagrar me personopplysningane?  

Kommunen lagrar personopplysningar om deg så lenge det er naudsynt for å oppnå det føremålet personopplysningane vart samla inn og handsama for. Det vil seia at personopplysningar me  handsamar for å oppfylla lovpålagde plikter vert lagra så lenge lovheimelen krev det. Til dømes kan reglar i arkivlova påverka kor lenge personopplysningar om deg blir lagra. Dersom kommunen handsamar personopplysningar om deg med grunnlag i samtykke, vil me sletta opplysningane viss du kallar tilbake samtykket, eller etter det tidsrommet det er avtalt at samtykket skal gjelda for.  

Kva rettar har du?  

Innsyn i personopplysningar  

Når kommunen handsamar personopplysningar om deg, har du rett til å vita kva opplysningar som vert handsama, kva opplysningane vert nytta til og kor lenge dei vert lagra.   

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 15 og Datatilsynet sine nettsider om retten. 

Retting av personopplysningar  

Dersom kommunen sine opplysningar om deg ikkje er korrekte, har du rett til å få dei korrigert. Det gjeld òg dersom kommunen ikkje har fullstendige opplysningar om deg.  

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 16 og Datatilsynet sine nettsider om retten.  

Sletting av personopplysningar  

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane dine. Dersom du meiner kommunen handsamar informasjon om deg som ikkje er naudsynt, kan du be om at denne informasjonen vert sletta. Dette gjeld ikkje dersom anna lovgjeving krev at opplysningane vert lagra, til dømes arkivlova. 

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 17 og Datatilsynet sine nettsider om retten.  

Avgrensa handsaming av personopplysningar  

I visse høve kan du krevja at handsaminga av personopplysningane dine vert avgrensa. Det kan til dømes vera fordi du meiner at personopplysningane dine ikkje er korrekte, og det vil ta tid for kommunen å vurdera dette.  

Avgrensing av opplysningane fører til at personopplysningane som vert samla inn ikkje lenger kan nyttast, men framleis skal vera lagra, inntil vurderinga av kva som skal gjerast med dei er fullført, og eventuelle naudsynte handlingar, til dømes å retta personopplysningane, er gjennomførte.  

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 18 og Datatilsynet sine nettsider om retten. 

Dataportabilitet  

Ved nokre høve kan du ha rett til dataportabilitet. Det vil seia at du kan krevja å få personopplysningar frå Voss herad overførte til nokon andre. Denne retten har likevel fleire unntak, som til dømes dersom kommunen handsamar personopplysningane dine for å utføra ei oppgåve i ålmenta si interesse, eller kommunen gjer bruk av offentleg mynde.  

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 20 og Datatilsynet sine nettsider om retten.  

Protest mot handsaming av personopplysningar  

Du kan protestera mot at kommunen handsamar opplysningar om deg. Retten din gjeld ikkje dersom me handsamar personopplysningar om deg for å utføra ein avtale du har med oss, eller dersom kommunen gjennom lov er lovpålagt å handsama opplysningane.  

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 21 og Datatilsynet sine nettsider om retten. 

Klage  

Du kan klaga til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd med måten kommunen handsamar personopplysningane dine, eller viss du meiner handsaminga er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram for å klaga finn du på nettsidene til Datatilsynet. Du kan kontakta personvernombodet i Voss herad dersom du treng hjelp. Sjå kontaktinformasjon nedanfor under «Personvernombod».  

Korleis gjera rettane dine gjeldande?  

Førespurnad om å utøva ein eller fleire av rettane dine kan du senda til:  

- E-post: postmottak@voss.herad.no eller personvern@voss.herad.no  

- Brev: Voss herad, Postboks 145, 5701 Voss  

Merk skrivet: “Personvernerklæring - rettar”. 

Kommunen kan be deg stadfesta identiteten din, eller å gje meir informasjon før kommunen handsamar førespurnaden din. Dette gjer kommunen for å vera sikker på at det ikkje er nokon andre som gjev seg ut for å vera deg.  

Når du vender deg til Voss herad, skal kommunen svara på førespurnaden din så fort som mogleg, og som hovudregel innan 30 dagar.  

Alle kommunen sine saksdokument er som hovudregel offentlege. Send difor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ynskjer skal verta ålment kjent. Kommunen pliktar etter arkivlova å føra offentleg journal. Av journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen gå fram.  

Framlegg til vidare lesing: Personvernforordninga artikkel 12 og personopplysingslova § 12. 

Automatisert handsaming 

Automatiserte avgjersler  

Kommunen nyttar for tida ikkje fullstendig automatisert handsaming.  

Sikring av handsaminga  

Kommunen har plikt til å syta for at personopplysningane dine vert handsama på ein sikker måte. Voss herad sikrar opplysningane på ulike måtar, til dømes gjennom tilgangskontroll, brannmurar og jamleg opplæring av dei tilsette. Kommunen har i tillegg beredskapsplanar som skal bidra til å avgrensa eventuelle skadar dersom noko skulle gå galt.  

Kommunen sine tekniske løysingar skal sikra at: 

  • Uvedkomande ikkje får tilgang til opplysningane dine 
  • Opplysningane om deg er tilgjengelege når det er trong for dei 
  • Opplysningane ikkje kan verta endra eller manipulerte etter at dei er registrerte 
  • Organisasjonen og systema er motstandsdyktige, og at dei raskt kan oppretta normaltilstanden på ny ved uventa hendingar  

Bruk av informasjonskapslar  

Kommunen sine nettsider nyttar informasjonskapslar for at kommunen skal kunna tilby deg tilpassa nettenester og gje ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som vert lagra i nettlesaren din.  

Protokoll over handsaming av personopplysningar  

Kva er ein protokoll over handsaming av personopplysningar?  

Voss herad er pålagt å ha oversyn over handsaming av personopplysningar som vert utførte av kommunen. Det medfører at kommunen skal ha oversyn over all handsaming av personopplysningar i ein handsamingsprotokoll. 

Kommunen skal ha ei opa handsaming av personopplysningar. For å vareta dette gjev kommunen innsyn i handsamingsprotokollane på førespurnad. I somme høve har kommunen grunn til å halda delar av protokollen utanfor ålmenta, til dømes på grunn av sikkerheit. Delar av protokollen kan difor vera unnateke innsyn, slik at den ikkje står fram som komplett for den som har fått innsyn.   

Handsamingsprotokollar i Voss herad  

All informasjon om handsaming av personopplysningar som skjer i kommunen, går fram av protokollar for handsaming av personopplysningar. I Voss herad er det etablert ein protokoll for kvar kommunal- og stabsavdeling.  

Protokollane inneheld fylgjande informasjon om handsaming av personopplysningar:  

  • Kven som er ansvarleg for handsaminga i kommunen 
  • Kva verkeområde handsaminga gjeld 
  • Kva handsaminga gjeld 
  • Føremålet med handsaminga  
  • Kategoriar av registrerte personar det vert handsama personopplysningar om  
  • Kategoriar av personopplysningar som vert handsama 
  • Informasjon om kvar opplysningane kjem frå  
  • Informasjon om kategoriar av eventuelle mottakarar av personopplysningane frå kommunen 
  • Skildring av kommunen sitt grunnlag for handsaming, og dessutan eventuelle supplerande rettslege grunnlag  
  • Informasjon om sentrale system som vert nytta i handsaminga 
  • Informasjon om planlagde tidsfristar for sletting av personopplysningane  
  • Informasjon om eventuelle spesielt relevante tekniske og organisatoriske sikringstiltak 
  • Informasjon om det er forventa at handsaminga kan føra til høg personvernrisiko  
  • Informasjon om kven som eventuelt handsamar data på vegner av kommunen  
  • Namn og kontaktopplysningar til handsamingsansvarleg, der det er relevant   
  • Namn på eventuelle tredjeland eller internasjonale organisasjonar som personopplysningane vert overførte til, der det er relevant 
  • Skildring av naudsynte garantiar ved overføring til tredjeland eller internasjonale organisasjonar, der det er relevant  
  • Eventuelle kommentarar frå handsamingsansvarleg  

Dersom du har trong for informasjon som går fram av kommunen sine protokollar for handsaming av personopplysningar, kan du kontakta kommunen og be om å få tilsendt ein kopi av den aktuelle protokollen.  

Du kan senda førespurnad til 

 Merk førespurnaden din: “Personvernerklæring – rettar” 

Kven er ansvarleg for handsaminga?  

Den som avgjer føremålet med handsaminga av personopplysningar, er òg ansvarleg for handsaminga. I Voss herad er den einskilde kommunal- og stabssjef ansvarleg for handsaminga.   

Kontaktinformasjon til den som er ansvarleg for handsaminga 

Sjå Voss herad si heimeside for meir informasjon.  

Personvernombod  

Personvernombodet si rolle  

Voss herad har eit personvernombod du kan kontakte dersom du har spørsmål om kommunen si handsaming av personopplysningar. Personvernombodet har ei sjølvstendig rolle, og skal passa på at kommunen handsamar personopplysningar i tråd med personvernregelverket.  

Du kan lesa meir om personvernombodet her. 

Kontaktinformasjon til personvernombodet 

 Du kan kontakta personvernombodet i Voss herad på  

  • E-post: personvern@voss.herad.no 

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 56 51 94 00

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no