Me ynskjer å samla lokalt næringsliv, kraft- og energibransjen, akademia, interesseorganisasjonar og politisk nivå. Her skal me i fellesskap koma fram til gode løysingar om korleis me saman skal nå målet om 69% kutt i klimagassutsleppa innan 2030.

Tid: Onsdag 5. februar frå kl 10:00 – 15:30
Stad: Kantina i Brynalii 66, Voss Energi sitt administrasjonsbygg
Program: Introduksjon, Lunsj, Gruppearbeid, Oppsummering.
Påmelding innan torsdag 30. Januar (kl. 15.00) via lenka under.
Meld deg på det temaet som interesserer deg mest:
• Berekraftig næringsutvikling
• Energibruk
• Transport
• Kraftproduksjon
• Sirkulærøkonomi
Meld deg på her!
Hugs at påmelding er bindande!
Me ser fram til fruktbare diskusjonar og håpar du har anledning til å delta. Me treng dine synspunkt og din kompetanse!
Idé Camp Energi 2025 vert arrangert i samband med Fornybar Framtidveka. Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss herad, Voss Energi, Hardanger og Voss Næringshage og Voss næringsråd.
Ta kontakt med Yngve Tranøy (yngve.tranoy@vossenergi.no) eller Gunnhild Utkvitne (gunnhild.utkvitne@voss.herad.no) om du lurer på noko.
Vel møtt!