Vossaklima 2030: Er du student ved vaksenopplæringa?

Me vil gjerne høyra frå deg så Voss herad sin nye klimaplan,                Vossaklima 2030, vert best mogeleg!

Kva er ein klimaplan, seier du? Dette kan du kan finna ut ved å lesa gjennom “informasjonspakka” ved å klikka på lekkja under. Du kan òg sjå på videoen som ordføraren har laga til deg (sjå her: Vossaklima 2030 - video ).

 

Etter at du har lese gjennom materiala og sett på videoen, kan du svara på spørsmåla du finn ved å klikka på “Spørsmål som elevane skal svara på” under. I fyrste spørsmål skal du tenkja litt tilbake til kva du syntes var bra på skulen der du vaks opp.

Du kan skriva ut arka eller berre skriva på eit blankt A4 ark. Ikkje skriv namnet ditt på dette arket. Innspel må vera anonymt. Når du er ferdig, kan du enten levera inn til læraren din, levera inn i boksen (som står Vossaklima 2030 på) i resepsjonen på tinghuset, eller senda i posten direkte til: Vossaklima 2030, Gunnhild Utkvitne, Postboks 145, 5701 Voss.

Me tek imot innspel fram til 1. mars.

Det er veldig kjekt om du vil vera med!