Vossaklima 2030: Lærar på vaksenopplæringa
Vossaklima 2030 undervisningsmateriale til lærarar på vaksenopplæringa.
Sist endra 16.01.2022 16.55
MERK at materiala er dei same for dei andre trinna, men eitt av spørsmåla er tilpassa alderstrinn. Elevane i vaksenopplæringa skal tenkja tilbake til korleis dei hadde det på skulen der dei vaks opp.
De kan baka prosessen inn i andre fag, temaveker eller prosjekt. Eller kan de gjera dette så enkelt som mogeleg og berre ha ein enkel diskusjon i klassen. Me har prøvd å utvikla materiala slik at dei kan tilpassast kvardagen til elevane.
Hugs at alle svara som blir sende til kommunen må vera anonyme.