Voss herad og Vossevangen skal vera ei drivkraft for vekst i regionen – både for nabokommunane, og overfor eigne lokalsenter og nærsenter. Visjonen som vert lagt til grunn for Voss herad er å vera eit sterkt regionsenter med levande bygder. Selskapa våre skal vera eit viktig verkemiddel i arbeidet med mål og delmål satt i kommuneplanen.
Voss herad er ved inngang til 2020 eigar eller deleigar i 27 ulike selskap stiftingar og lag. Samla verdiar i desse utgjer pr. 1. januar 2020 i overkant av 180 millionar kroner. I tillegg har heradet to kommunale føretak (KF). Forventningane i eigarskapspolitikken gjeld alle selskap kommunen har eigarinteresser i.
Eigarskapspolitikken skal medverka til god politisk styring og kontroll i tillegg til å leggja rammene for korleis kommunen skal utøva sitt eigarskap. Eigarskapspolitikken skal slik styrka eit godt eigarskap, no og i framtida.
Eigarskapspolitikken skal gje samla oversyn over kva system, retningslinjer og rutinar kommunen skal ha for eigarskapet sitt. Eigarskapspolitikken skal vera tufta på KS sine 21 anbefalingar om eigarstyring, selskapsleiing og kontroll samt dei erfaringane me gjennom åra har skaffa oss knytt til eigarskap og eigarskapsstyring.