Eigarstrategiar
For selskap og eigardeler heradet finn det relevant, skal det utarbeidast eigen eigarstrategi. Kvar eigarstrategi skal definera kva forventningar heradet har til selskapet og innehalda strategiar og eigarkrav. Selskapet sine vedtekter/ selskapsavtale/ føremålsparagraf vil vera sentralt i utarbeiding av eigarstrategi. Politisk vedteken eigarstrategi vil sidan binda deltakarane i generalforsamling og representantskap.
For Voss herad vil vedtekne eigarstrategiar vera viktige styringsverktøy. Eigarstrategi legg grunnlag for aktiv oppfølging av verdiane som ligg i eit selskap. Strategien skal danna plattform for ein god styringsdialog og fastsetja mål og ein klar retning på kva eigarane vil med selskapet. Eigarstrategien kan regulera forhold som kommunikasjon med selskapet, informasjonsbehov, forventa avkastning, utbyteforventningar, strategisk retning og kjerneverksemd, mål, tvisteløysningar mellom eigarane m.m.
Eigarstrategiane er individuelle og vert tilpassa kvart einskild selskap. Alle eigarstrategiar skal vera forankra i heradsstyret.
Delt eigarskap gjev spesielle utfordingar knytt til samordning av ulike eigarinteresser. For selskap med fleire eigarar, er felles oppfatning av eigarstrategi viktig for å ta hand om ulike synspunkt. Eigarstrategi gjev felles haldningar til retning og utvikling av eit selskap. Eigarstrategi er eit viktig verktøy for å regulera eventuelle usemjer. Eigarstrategi kan også forplikta til å etablera forum på administrativt nivå der dei ulike interessene til eigarane vert drøfta og avklara for å unngå at det kjem ulike styringssignal til selskapet.
Fylgjande føringar skal nyttast i samband med utarbeiding av dei enkelte eigarstrategiane:
- skal utformast slik at ein kan etterprøve om eigarkrava er innfridd eller ikkje.
- Mål og krav skal vera utfordrande og krevjande, men samstundes realistiske.
- skal vera føreseieleg for selskapet.
- skal gje selskapet fridom og sjølvstende til å realisera eigarane sine mål.
- skal vera tydeleg formulert og kommunisert til selskapet.
Oppfylging av selskapskrava vil skje i eigarmøte med selskapet, gjennom handsaming av eigarskapsmeldinga og gjennom førebuing og gjennomføring av generalforsamlingar.
Eigarskapsmelding
Eigarskapsmeldinga er del av kommunen sin eigarskapspolitikk og skal sikra nødvendige styringssignal til selskapa samt tydeleggjera politikarane sitt ansvar. Eigarskapsmeldinga vert laga med utgangspunkt i lover, retningsliner og vedtekne kommunale styringsdokument samt innsamla informasjon frå dei selskapa som skal inn i eigarskapsmeldinga. Kva selskap/ føretak som skal inngå i den årlege eigarskapsmeldinga vil kunna variera, men skal som eit minimum omfatta aksjeselskap som heradet eig fullt ut.
Selskapa skal etter gjennomført generalforsamling eller liknande senda protokoll frå generalforsamlinga inkl. årsmelding til kommunen. Selskap som ikkje har lovpliktig rett til å utarbeida årsmelding, skal utarbeida og senda inn årsrapport. All anna relevant informasjon knytt til punkt i eigarstrategi skal også sendast fram. Samla vil dette utgjera ein viktig del av kommunen si eigarskapsmelding.
Eigarskapsmeldinga skal vera eit:
- grunnlag for gjennomtenkt eigarskap og ansvar knytt til det.
- grunnlag for selskap til å driva aktivitet i tråd med strategi frå eigar.
- styringsgrunnlag for eigar og selskap når det skal gjerast konkrete val og vedtak.
Heradsstyret skal årleg handsama ei eigarskapsmelding som mellom anna inneheld:
- Oversikt over eigarinteresser.
- Formål med selskapa.
- Styresamansetting for selskapa.
- Generelle retningsliner for dei kommunale selskapa.
- Vurdering av måloppnåing målt opp mot formål og styringsdokument.
Eigarmøte
Voss herad skal gjennomføra minst to eigarmøte med selskapa i løpet av valperioden. Voss herad skal i eigarmøta vera representert med formannskapet og rådmannen. Selskapet skal som minimum vera representert med styreleiar og dagleg leiar.
Eigarmøte med leiinga i selskap/føretak gjev formannskapet grunnlag for å kontrollera at desse driv verksemd på ein måte som byggjer under føremålet til selskapet/føretaket og kommunen sine mål med eigarskapen. Formannskapet gjev i eigarmøte signal til selskapsleiinga om kva kommunen som eigar er oppteken av.