Kveik

Verksemda:

Kveik AS er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som leverer ulike arbeidsretta tiltak for NAV på Voss, Vaksdal og i deler av Hardanger. Kveik samarbeider nært med lokalt næringsliv og har eit stort nettverk. Dette kjem arbeidssøkjarane til gode i form av  arbeidsutprøving og mogleg tilsetjing hjå dei verksemdene som har trong for arbeidskraft. 

Kveik AS er medlem i Arbeid og inkludering/NHO Service.

Føremål:

Med ein inkluderande og open kultur skal Kveik skapa grunnlag for arbeid og inkludering av arbeidstakarar, og dessutan etablera berekraftige tiltaksplassar, slik at alle samfunnsbevisste aktørar i arbeidslivet, pårørande og samfunn ser verdien i arbeidet.