Voss Eigedom AS

Verksemda:
Voss Eigedom arbeidar med byggeprosjekt som omfattar bustad og næringslokale, forvaltning og drift av næringsbygg og bustad og næringsutvikling. Eigedomsforvaltninga omfattar drift av næringsbygg og bustader i sentrum og næringsbygg på Tvildemoen. Selskapet har og ansvaret for vidareutvikling og sal av tomter i Voss Næringspark Istad, irekna framføring av infrastruktur. 

Byggeprosjekt i Lekvemoen ved Langebrua der det skal oppførast eit bygningskompleks med 39 bueiningar og næringslokaler er satt på vent til utfallet av handsaming av sentrumsplanen i heradsstyret føreligg. 

 

Føremål:
Voss Eigedom skal på kommersielt grunnlag drive med eigedomsrelatert verksemd. Selskapet skal ha fokus på langsiktig verdiskaping for eigar, og skal samstundes ta i vare samfunnsansvaret det har som handlingsorgan for kommunen sin arealpolitikk. Voss Eigedom skal vere ein pålitelig, serviceinnstilt og miljøbevisst eigedomsaktør og samarbeidspartnar. Selskapet skal bidra til å utvikle og realisere kommunen sine planar for eigedomsutvikling, og elles ta i vare kommunen sine forretningsinteresser i utviklingsområda. Selskapet skal eige og drifte bustadeigedomar og næringseigedomar i Voss herad. Selskapet skal vere kommunen sin marknadsførings- og salskanal for kommunal eigedom som skal utviklast, seljast eller leigast ut. Selskapet kan førestå oppføring av bustadar i samsvar med kommunen sin bustadpolitiske handlingsplan. Selskapet kan stå for oppføring og utleige av næringsbygg, og drive eller delta i anna verksemd som har som føremål å fremje næringsutvikling.

Kontakt

Voss Eigedom AS

 

Kort om
Føretaksnummer: 970 905 022
Stiftingsår: 1994
Eigardel Voss herad: 100%
Tal tilsette: 0
Aksjekapital: 250.000

 

Leiing og styre
Dagleg leiar: Svein Erik Aldal
Styre: Einar Larsen (styreleiar), Hanne Hedenstad, Are Nielsen, May Røssland, Arne Mossefinn, Jon Ivar Himle Fjose (vara) og Marit Helgaset (vara)