Voss Parkering AS

Verksemda

I november 1987 vart det innført avgiftsparkering på Voss, som vart administrert av det nyoppretta Voss Parkeringsselskap AS.  I fyrste halvdel av 1990 vart det vedteke av kommunestyret at drifta skulle leggjast inn som eiga avdeling under Teknisk kontor.

Etter eit nytt vedtak i kommunestyret, vart Voss Parkering AS starta opp som eige selskap 01.05.2003.

 

Formålet med selskapet er mellom anna å

....stå for bygging og drift av parkeringsanlegg i Voss kommune og medverka til å redusera trafikkbelastninga i sentrumsområdet og til å utvikla gode tilbod for gåande og syklande. Selskapet skal medvirka til istandsetting, tilsyn, vedlikehald og utvikling av Vossevangen som regionsenter.  Selskapet skal utføra kommunen sine oppgåver etter Forskrift om offentleg parkeringsregulering og parkeringsgebyr.