Innbyggjarframlegg

Innbyggjarane i Voss herad kan fremja framlegg som gjeld verksemda til kommunen. Heradsstyret pliktar å ta stilling til framlegget dersom minst to prosent av innbyggjarane står bak det. Likevel er 300 underskrifter i kommunen alltid tilstrekkeleg.

Slik sender du inn eit innbyggjarframlegg:

Skriv tydeleg kva framlegget handlar om. I løpet av ein valperiode kan ikkje det same fremlegget handsamast meir enn ein gong.

Skaff minst 300 underskrifter frå personar som støttar framlegget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse. Adressene må stadfeste at alle som har underskrive bur i kommunen. Manglar adressene kan forslaget avvisast.

Minsak.no

Vi tilrår at du nyttar nettsida minsak.no for å senda inn innbyggjarframlegg elektronisk.

Sida er driven av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.