Back2School

Back2School (B2S) er eit tiltak for barn og unge i alderen 9–15 år som har bekymringsfullt skulefråvær. Målet er å hjelpe elevane tilbake til regelmessig skulegang, auke trivselen på skulen og styrkje opplevinga av meistring.

Tiltaket vert gjennomført av eit eige B2S-team i samarbeid med eleven, føresette og skulen. Gjennom samtalar, kartlegging og faste møte blir årsakene til fråværet identifiserte, og partane lagar saman ein plan med mål og tiltak for å betre skulesituasjonen.

B2S nyttar metodar frå kognitiv åtferdsterapi (KAT) og legg stor vekt på å styrkje samarbeidet mellom heim og skule. Skulen har ei sentral rolle i arbeidet, og det blir arbeidd for å sikre at eleven opplever skulen som ein trygg og støttande arena.

Tiltaket varar i 13 veker. I etterkant vert oppfølgingsmøte etter tre og seks månader for å evaluere utviklinga og vurdere behov for vidare støtte.

Du kan lesa meir om Back2School her 

 

 

Ring oss eller ta kontakt via kontaktskjema