Barn som pårørande

Kven er barn som pårørande? Barn blir pårørande når dei lever med foreldre eller sysken med psykiske eller fysiske helseutfordringar, rusrelaterte vanskar, opplever dødsfall eller andre belastande forhold i familien. Når kvardagen blir prega av belastningar hjå menneska rundt dei, har barn behov for ekstra tryggleik, støtte og omsorg.

Korleis kan ein støtte barn som er pårørande? Barn reagerer ulikt på krevjande situasjonar, og treng å verte møtt med forståing og omsorg. Å få tydeleg informasjon om det som skjer kan bidra til at kvardagen blir meir føreseieleg og trygg. Oppretthalding av kvardagsrutinar kan bidra til stabilitet i ein vanskeleg periode. Det er òg viktig at barnet opplever vaksne som tilgjengelege og opne, utan at barnet kjenner seg pressa til å snakke. Tid saman med trygge vaksne og positive opplevingar med vener og jamaldrande kan vere ein viktig støttefaktor. Ved behov kan det vere nyttig å involvere andre trygge vaksne rundt barnet.

Kva for tilbod finst i Voss herad? I Voss herad ynskjer vi at alle barn og unge som er pårørande skal inkluderast og få moglegheit til å seie kva støtte dei har behov for. Slik støtte kan innebere mellom anna rettleiing av foreldre og omsorgspersonar, samtalar med barnet/ungdommen og informasjon om aktuelle støttetilbod.

Velferdstenestene i Voss herad samarbeider for å sikre at barn og unge får rett hjelp til rett tid. Målet er å bidra til trygge oppvekstvilkår og gode lærings- og utviklingsmiljø for alle barn og unge. 

 

 

Ring oss eller ta kontakt via kontaktskjema for barn som pårørande

 

Adresse

Postadresse:

Barne- og familiehjelpa, Voss herad

Postboks 145

5701 Voss

 

Telefon: 478 70 244 

Telefontid er frå 9:00 - 11:30 / 12:00 - 15:00

Epost: postmottak.bof@voss.herad.no

NB! me ber om at du ikkje sender sensetive opplysningar med e-post. 

 

Besøksadresse:

Knutepunktet Voss

Gurid Almenningens plass 1

5704 Voss