Cool Kids / Chilled

Cool Kids er eit australsk angstbehandlingsprogram retta mot barn og unge med angst. Behandlingsmetoden er basert på kognitiv åtferdsterapi kor barnet og foreldre deltar i behandlinga og lærar konkrete verktøy for korleis dei saman kan handtere barnet/ ungdommen sin angstproblematikk

Passar for: Barn og unge i alderen 7 - 17 år, med mild til moderat angstproblematikk. 

Angst kan kome til uttrykk på mange vis, til dømes sjenertheit, sosial tilbaketrekking, frykt for å vere vekke frå foreldre, utryggheit ved ukjende situasjonar, frykt for bestemte situasjonar eller objekt osb. Hjå barnet eller ungdommen kan dette gi symptom som magesmerter, pustevanskar, skjelving, kvalme, svimmelheit, søvnvanskar, tankekaos, bekymringstankar, hovudpine med meir. Det er lett å søkje unngåing av det som gjer ein redd og engsteleg, for å unngå ubehagelege symptom. Cool Kids vil hjelpe familiane til å støtte barnet/ ungdommen i å utfordre, tørre og tole meir av dette ubehaget – for å gi ein betra funksjon og meir meistring i kvardagen. Her kan du lese meir om Cool Kids. 

 

 

 

Ring oss eller ta kontakt via kontaktskjema 

 

Adresse

Postadresse:

Barne- og familiehjelpa, Voss herad

Postboks 145

5701 Voss

 

Telefon: 478 70 244 

Telefontid er frå 9:00 - 11:30 / 12:00 - 15:00

Epost: postmottak.bof@voss.herad.no

NB! me ber om at du ikkje sender sensetive opplysningar med e-post. 

 

Besøksadresse:

Knutepunktet Voss

Gurid Almenningens plass 1

5704 Voss