Samspelet vert observert gjennom filming, som gjev eit breiare grunnlag for rettleiing og refleksjon til foreldre av foreldre- barn samspelet.
Styrken med Crowell-metoden er at foreldre og barn vert observert i relative lite utfordrande situasjoner med leik ilag med barnet. Vidare at situasjoner stiller større krav til foreldra sin kompetanse til å hjelpa barnet, med oppgåver og tilrettelegge til eit godt samspel.
Observasjonen er gjennomført på ca 45min. Forelder får eit oppgåveark med sju ulike leikeaktivitetar dei skal gjennomføra ilag med barnet. Etter gjennomført observasjon, sett me opp rettleiingstimar. Målet er å kunna gje rett hjelp tidleg, og at foreldra skal kunna forstå og reflektera kring behova til sitt barn.
Prosedyren er utvikla av Judith Crowell og Shirley Feldman (1988), og er basert på tilknyting- og kommunikasjonsteori. Du kan lese meir om Crowell-prosedyren her: Crowell-prosedyren
Dette tilbodet kan vera til hjelp for deg dersom:
- du strevar med å forstå barnet ditt.
- du kjenner at du kjem til kort med sjå bak åtferda til barnet.
- du ynskje innspel til korleis få til gode overgangar for barnet, eller ynskje innspel til å reflektera til korleis kan ein forstå behova til barnet på ein anna måte.
Dette skal vera ei hjelp der me saman med foreldre, skal finna dei beste ressursane til å kunna få til gode samspel foreldre - barn. Saman drøftar me korleis de kan tilrettelegge for barnet, korleis me kan invitera til leik, få til betre leikestunder, eller forbereda barnet ved overganger mm.
Observasjon
- kring 45 minutt for kvar av foreldra
Rettleiing
- Me går gjennom observasjonsfilmen, og saman reflekterer me rundt dei sju ulike trinna i observasjonen.