EFST - Emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre

Sentrale element innanfor EFST er validering, grensesetting, reparasjon og arbeid med eigne kjensler som forelder. Alle tema har som føremål å styrke omsorgskompetansen.

Passar for: Foreldre til barn 0 - 18 år

Dei fleste foreldre ynskjer å yte omsorg og beskytte borna sine. Nokre gonger kan det likevel oppstå hindringar som gjer dette vanskeleg, og me kan kjenne på avmakt. Då kan me opptre på måtar som skaper vonde kjensler både i borna og i den vaksne. 

Emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre er forankra i trua på at foreldre og omsorgspersonar kan være den viktigste helbredende krafta for born med ulike utfordringar, til dømes psykisk uhelse eller åtferdsvanskar. 

 

 

 

Ring oss eller ta kontakt via kontaktskjema