Det å vera foreldre kan vera ei krevjande oppgåve. I periodar kan foreldre oppleva det vanskeleg å få barna til å samarbeida og å følga beskjedar, og til tider kan det vera så krevjande at ein kjenner seg både rådvill og makteslaus. Kvardagen kan bli strevsam med mykje mas, krangling og kjefting.
Døme på situasjonar som kan vera vanskelege er når barnet skal legga seg, stå opp, pussa tenner, gjera lekser, vera med på butikken eller at barnet generelt ikkje fyl beskjedar frå deg.
Å få hjelp til å bryta ei slik utvikling kan vera godt for både foreldre og barn. I PMTO er det er fokus på å møta barnet på han/hennar sine kjensler, samt byggja gode relasjonar mellom barn og foreldre.