Psykologteneste ved skulefråvær Nokre barn og ungdom har det ein kan kalle eit bekymringsfullt skulefråvær. Skulefråvær har fleire og samansette årsaker, og kan ha ein uheldig innverknad på eleven si faglege og sosiale utvikling. Det blir då viktig å undersøkje årsaker til fråværet og setje inn tiltak så tidleg som mogleg. Sist endra 21.10.2026 15.35 Psykologen har ei særleg rolle i å støtte skulen i arbeidet med å redusere skulefråvær og auke utsette elevar sitt nærvær i skulen. Bør eg søkja hjelp? Om du som barn/ungdom strever med å kome deg på skulen, eller du som forelder er bekymra for barnet/ungdommen din.Kva kan me få hjelp til?Auke skulenærvær, trivsel og meistring på skulen for barnet/ungdommen.Hjelp til korleis ein som forelder kan støtte barnet/ungdommen i å auke skulenærværet.Kva tilbod kan me gje? Rettleiing og rådgjeving til barn, ungdom, foreldre og andre samarbeidspartnarar.Kartlegging av vanskar. Ring oss eller ta kontakt via kontaktskjema