TIBIR-konsultasjon er ein barnehage- eller skuleomfattande tiltaksmodellen PALS (Positiv atferd, støttende læringsmiljø og samhandling i skolen). Tiltaket er basert på prinsippa frå PMTO.
Sist endra 21.10.2026 15.35
Passar for: barnehage og skule, med barnegrupper i alder 3 - 12 år.
TIBIR (tidleg innsats til barn i risiko) er eit program for å hjelpa vaksne til å koma inn i gode samspel med barn. Programmet består av ulike tiltak som til saman representerer ein heilheitleg innsats for å fremja godt samspel mellom foreldre og barn, samt mellom barn og tilsette i barnehage og skule/ SFO.
Har de barn, eller barnegruppe i barnehagen eller på skulen der de strevar med å få til god samhandling kan TIBIR-konsultasjon vere aktuelt for dykk.
Målet med konsutlasjonane er å gje tilsette i barnehage eller skule/ SFO rettleiing i høve bruk av konkrete verktøy og strategiar som kan førebygga eller redusera åtferdsvanskar. i grupper/ klassar. Me arbeidar for å fremja positiv utvikling og redusera utfordrande åtferd.
TIBIR-Konsultasjon er eit tilbod om rettleiing til personalet i barnehagar og skule/ SFO. Tilbodet strekke seg over 6-8 møter.
- Me gjev rettleiing i høve enkeltbarn eller heile grupper/ klassar ut frå behov
- Tilsette i skule og barnehage får trening i korleis dei kan samhandla med barna på ein føremålstenleg måte
- Me øvar på alternative måtar å møte, og handtera barna på