Home-Start

Home-Start Voss er eit frivillig tilbod til småbarnsfamiliar med minst eitt barn under skulealder. Tilbodet er for familiar som sjølve ønskjer støtte i kvardagen.

Kva hjelp kan du få?

Du får hjelp frå ein familiekontakt (frivillig) som kjem heim til deg éin gong i veka i ein periode på om lag seks månader. Eit besøk varer vanlegvis 2–4 timar.
Familiekontakten kan til dømes:

  • vere ein samtalepartnar
  • hjelpe til med enkle kvardagsoppgåver
  • vere saman med barna
  • gje deg litt avlasting

Målet er å:

  • styrkje deg i foreldrerolla
  • bidra til mindre stress i kvardagen
  • gi støtte tilpassa dine behov


Kven er tilbodet for?

Home-Start er for deg som:

  • har barn under skulealder
  • ønskjer litt ekstra støtte i ein travel eller utfordrande kvardag
  • treng avlasting eller nokon å snakke med

 

Vil du bli familiekontakt?

Home-Start Voss treng frivillige familiekontaktar.
Vil du bidra, eller ynskjer du meir informasjon, kan du ta kontakt:

Trine Teigen Rekve
Telefon: 959 60 102 
E-post: trine.teigen.rekve@bymisjon.no 

 

Meir informasjon

Home-Start Norge