Tenesta arbeider for at busette flyktningar og deira familie skal kunne ta ansvar for eigen livssituasjon, og finna seg til rette i skule, arbeid, nærmiljø og samfunnsliv. I eininga sine tenester skal ein bli møtt med respekt, høflegheit og fagleg kompetanse, uavhengig av sosial status, historie, etnisk opphav, tru, kjønn eller alder.
Integreringstenesta
Integrering og vaksenopplæring har ansvar for busetting, integrering og oppfølging av flyktningar som vert busette i kommunen etter avtale med IMDi, og familiane deira.
Tenesta arbeider for at busette flyktningar og familiane deira skal få gode føresetnader for å ta ansvar for eigen livssituasjon og finne seg til rette i skule, arbeid, nærmiljø og samfunnsliv.
I tenestene våre skal alle bli møtte med respekt og fagleg kompetanse, uavhengig av sosial status, historie, etnisk opphav, tru, kjønn eller alder.
Introduksjonsprogrammet
Flyktningar som vert busette i kommunen, har som regel rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Programmet er eit heiltidsprogram som skal gi deltakarane grunnleggjande ferdigheiter i norsk og samfunnskunnskap, og førebu dei på arbeid eller vidare utdanning.
Programmet vert tilpassa den enkelte deltakaren. Kvar deltakar får ein individuell plan som tek utgangspunkt i bakgrunn, kompetanse og mål for programmet og framtida.
Introduksjonsprogrammet kan mellom anna innehalde norskopplæring, grunnskule, samfunnskunnskap og kvalifisering gjennom språkpraksis, arbeidspraksis, utdanning og meir. Målet er at deltakarane skal få gode føresetnader for å bli økonomisk sjølvstendige og aktive deltakarar i lokalsamfunnet.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ynskjer å kome i kontakt med tenesta.
Asylmottak
Det er eit asylmottak i Voss herad. Mottaket er ikkje drive av kommunen, men av Voss ordinære asylmottak. Spørsmål som gjeld asylmottaket, må rettast direkte til mottaket, telefon 400 80 180