Som barnehagemynde har Voss herad ansvar for å sjå til at alle barnehagane i heradet, både private og kommunale, vert drivne i samsvar med barnehagelova og tilhøyrande forskrifter.
Gjennom rolla som barnehagemynde skal heradet bidra til at alle barn får eit trygt, godt, inkluderande og utviklande barnehagetilbod av høg kvalitet.
Sist endra 09.09.2026 11.07
Som barnehagemynde har heradet ansvar for å rettleia barnehagane i spørsmål som gjeld regelverk, og bidra i høve kvalitetsutvikling. Barnehagemynde har i oppgåve å godkjenna nye barnehagar, og ved behov føra tilsyn med barnehagane for å sikre at dei vert drivne i tråd med gjeldande lover. Ved behov kan heradet følgje opp forhold som ikkje er i samsvar med regelverket.
Heradet skal utøva rolla som barnehagemynde på ein uavhengig og upartisk måte, og likebehandle private og kommunale barnehagar. Målet er å sikre eit heilskapleg og godt barnehagetilbod for alle barn og familiar i Voss herad.
Kontakt med barnehagemynde
Alle barn har rett til eit trygt og godt barnehagemiljø der dei opplever trivsel, inkludering og utvikling.
Dersom du som forelder/føresett er uroa for barnehagemiljøet, og korleis barnet ditt har det i barnehagen bør du i første omgang ta opp saka med barnehagen. Barnehagen har ansvar, og aktivitetsplikt til å følgja opp meldingar om at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, og skal etter undersøking av saka om nødvendige setja i verk tiltak.
Om du opplever at uroa di ikkje vert teke på alvor, at du ikkje vert høyrd, eller at barnet ditt framleis ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, kan du ta kontakt med barnehagemynde. Barnehagemynde kan gi råd og rettleiing, og vurdera om det er behov for nærare oppfølging av saka.
Målet vårt er å bidra til at alle barn får ein trygg, god og inkluderande kvardag i barnehagane på Voss, og at foreldre/føresette opplever å bli møtt med respekt og open dialog.
Ansvaret til heradet som barnehagemynde er heimla i Lov om barnehage.
Meir informasjon om heradet si rolle som barnehagemynde; Kommunens rolle som barnehagemyndighet | udir.no