Visma Flyt Barnehage

Voss herad byter administrasjonssystem til Visma Flyt barnehage for barnehagane og skulane våre frå august 2026. Som del av dette vert det ny digital føresettportal, og ny app, Min barnehage-foresatt, for dagleg dialog med barnehagen. I løpet av hausten vil appen verta erstatta av ein felles app for barnehage og skule, Flyt Foresatt.

Føresettportalen er ei sikker nettside der føresette:

  • søkjer om barnehageplass
  • svarar på tilbod om barnehageplass
  • kan søkja om inntektsgradert foreldrebetaling
  • seier opp, eller endrar barnehageplass
  • oppdaterer kontaktinformasjon
  • sjekkar opplysningar knytt til barnet sitt barnehagetilbod

Føresettportalen finn du på heimesida Voss herad frå 1.august 2026. Lenke til portalen her: https://foresatt.visma.no/voss

App for føresette

 

For skriftleg kommunikasjon vil me nytta appen; Min barnehage-foresatt. Denne erstattar IST Home som me nyttar i dag.

Appen skal nyttast til dagleg kommunikasjon som til dømes:

  • beskjed om levering og henting
  • meldingar mellom tilsette/barnehagen
  • bilete, og dags-/veke-/månadsrapportar frå barnehagen 
  • registrera fråvær
  • tilgang til informasjon om barnet

 

Innlogging

De loggar inn i føresettportalen via ID-porten (til dømes BankID, MinID eller tilsvarande trygg innlogging). Portalen vil vera klar frå august 2026.

Lenkje til føresettportalen: https://foresatt.visma.no/voss

Appen lastar de ned frå App Store eller Google Play. De loggar inn med same løysing i appen som i føresettportalen (ID-porten).

 

Viktig å hugse

  • Kommunikasjon og svar på barnehagetilbod skjer i portalen/appen
  • Fristar for svar er bindande
  • Føresette har ansvar for å halda kontaktinformasjon oppdatert

 

Treng de hjelp?

Ta kontakt med barnehagen, eller administrasjonen i Voss herad, dersom de har spørsmål eller treng hjelp med innlogging.

Behandling av personopplysningar

Voss herad er behandlingsansvarleg for personopplysningane som vert behandla i Min barnehage-foresatt. Visma er databehandlar.

Du finn personvernerklæringa til Voss herad, sjå lenka nedafor.

 

Meir informasjon om appen: 

Temahefte Min Barnehage

Kommunisere med barnehagen

Meir informasjon

Føresettportalen

Personvernerklæringa til Voss herad