Visma Flyt skole

Voss herad nyttar Visma Flyt som administrativt system for skule og SFO. Som føresett nyttar du appen Flyt Foresatt for å få informasjon om skulekvardagen til barnet ditt, melda fråvær og kommunisera med skulen og SFO.

På denne sida finn du informasjon om korleis du kjem i gang med Flyt Foresatt, kva du kan bruka løysinga til og retningslinjer for kommunikasjon mellom heim og skule.

Slik kjem du i gang med Flyt Foresatt

  1. Last ned Flyt Foresatt frå App Store eller Google Play på mobil eller nettbrett.
  2. Logg inn med ID-porten. Dei fleste nyttar BankID.
  3. Velg Voss herad i lista over kommunar.
  4. Kontroller at barnet eller barna dine kjem fram i appen. Dersom dei ikkje gjer det, tek du kontakt med skulen.
  5. Tillat varslingar slik at du får beskjed når det kjem ny informasjon.
  6. Aktiver biometri, til dømes Face ID eller fingeravtrykk, for enklare innlogging.

Kva er Flyt Foresatt?

Flyt Foresatt er ein felles app for føresette med barn i skule, SFO og barnehage. Appen erstattar dei tidlegare appane Min Skole og Min Barnehage.

I første versjon omfattar appen skule og SFO. Funksjonar for barnehage skal etter planen koma hausten 2026.

For deg som har barn i skulen

I Flyt Foresatt kan du mellom anna:

  • senda og lesa meldingar til lærar og kontaktlærar
  • melda fråvær for ein heil dag, delar av ein dag eller enkelttimar
  • sjå varslingar og viktige meldingar frå skulen
  • byta mellom fleire barn dersom du har barn på same eller ulike skular
  • sjå personvern- og tilgjengeerklæringa til kommunen
  • merkja vedlegg som favorittar slik at du lettare finn dei att seinare

For deg som har barn i SFO

I Flyt Foresatt kan du:

  • sjå den planlagde tilstadeveringa til barnet på SFO
  • leggja inn merknader og meldingar til dei tilsette i SFO, til dømes om henteavtalar
  • melda fråvær frå SFO
  • lesa viktig informasjon frå SFO

Søknad om SFO-plass, oppseiing av plass og endring av plasstype vert framleis gjort i føresettportalen på nett. Du finn lenkje til føresettportalen i appen.

For deg som har barn i barnehage

Barnehage er førebels ikkje ein del av Flyt Foresatt. Fram til funksjonane for barnehage vert tilgjengelege, nyttar du Min Barnehage-appen som før.

Når barnehagefunksjonane kjem i Flyt Foresatt, skal du mellom anna kunna:

  • lesa meldingar frå avdelinga barnet ditt går på
  • melda fråvær for ein eller fleire heile dagar
  • svara på samtykke, til dømes knytt til foto, turar og allergiar
  • sjå viktig informasjon frå avdelinga
  • byta mellom fleire barn på tvers av barnehage og skule i same app

Innstillingar og profil

I appen kan du mellom anna:

  • velja språk: bokmål, nynorsk eller engelsk
  • styra kva varslingar du ønskjer å få
  • aktivera biometri for enklare innlogging
  • byta mellom kommunar dersom du har barn i ulike kommunar eller til dømes eitt barn i kommunal skule og eitt barn i privatskule

Tilgang via nettlesar

Du kan også logga inn i føresettportalen via nettlesar.

Nokre handlingar må framleis gjerast i føresettportalen på nett, mellom anna søknad om SFO-plass, oppseiing av plass og enkelte endringar i opplysningane om barnet.

Du finn lenkje til føresettportalen inne i appen.

Retningslinjer for kommunikasjon i Flyt Foresatt

Kva kan du bruka Flyt Foresatt til?

Flyt Foresatt skal nyttast til den daglege kommunikasjonen mellom heim og skule eller SFO.

Meldingsfunksjonen kan mellom anna nyttast til:

  • praktiske spørsmål om barnet ditt
  • henteavtalar
  • korte beskjedar
  • dialog om skulekvardagen

Kva skal appen ikkje brukast til?

Flyt Foresatt skal ikkje nyttast til:

  • Hastesaker: Ring skulen eller SFO direkte.
  • Klager og formelle førespurnader: Bruk dei vanlege kanalane til Voss herad.
  • Sensitive opplysningar: Opplysningar om til dømes helse, barnevern eller andre forhold som krev særleg konfidensialitet, skal ikkje sendast i appen. Ta direkte kontakt med rektor eller avdelingsleiar.
  • Kommunikasjon mellom føresette: Appen er laga for kommunikasjon mellom føresette og skulen eller SFO.

Svartid

Skulen les meldingar i arbeidstida på kvardagar. Du kan ikkje rekna med å få svar same dag, men meldingar vert svara på så snart som mogleg.

Dersom saka hastar, må du ringja skulen eller SFO direkte.

Dersom appen ikkje verkar

Prøv dette først:

  1. Sjekk Tenestestatus inne i appen. Der kan du sjå om Visma har driftsproblem.
  2. Lukk appen og opna han på nytt.
  3. Kontroller at mobilen eller nettbrettet har tilgang til internett.
  4. Avinstaller appen og installer han på nytt.

Dersom du framleis treng hjelp, kan du kontakta skulen.

Behandling av personopplysningar

Voss herad er behandlingsansvarleg for personopplysningane som vert behandla i Flyt Foresatt. Visma er databehandlar.

Du finn personvernerklæringa til Voss herad, sjå lenka nedafor.

Meir informasjon

Føresettportalen

Personvernerklæringa til Voss herad

Utfyllande informasjonshefte Flyt Foresatt