Voss Leirskule

Utfordring, meistring, trivnad

Voss Leirskule held til ved Voss Vandrarheim, omlag 700m frå buss- og togstasjonen, og omlag 1000m frå Voss sentrum. 

Voss Leirskule byr på varierte, sesongaktuelle aktivitetar. Gjennom aktivitetar som alpint, rafting, klatrepark, toppturar, besøk på Mølstertunet (lokalhistorie), kanopadling, økologisk jordbruk, langrenn og gjelvandring får deltakarar ved Voss Leirskule delta i eit sosial samspel samstundes som aktivitetane utfordrar kvar og ein individuelt. Leirskulen har fokus på samarbeid og gleda av natur, og jobbar mot læringsmål innan dei fleste fag. 

Når dagsaktivitet er ferdig, er bordtennis, fotball, biljard, dart, volleyball, skøyter og disco'en flotte sosiale arenaer. 

Vil du besøke kultur- og ekstremsportbygda Voss? Vil du bu i flotte omgjevnadar og ha ei sosial og lærerik veke saman med klassen din? Vil du prøve ein spenstig og utfordrande leirskule? Ja, då er Voss Leirskule riktig val! 
 

Adresse

Evangervegen 68

5700 Voss

Telefon: 56512017

e-post: booking@vosshostel.com

Leirskulelærar:
Morten Andrè Tryti 
99746997

morten.a.tryti@skule.voss.no