Bra mat for betre helse kurs

Vil du ete sunnare og få betre helse? Kurset gjev deg kunnskap, motivasjon og praktiske råd for å gjere små, men viktige endringar i kosthaldet ditt. Det passar for deg som ynskjer betre matvanar og ein sunnare kvardag.

Kva handlar kurset om?

Kurset gjev deg både kunnskap og støtte til å gjere små, men viktige endringar i kosthaldet ditt. Du lærer om:

  • sunne matval
  • «fem om dagen»
  • faste måltid
  • passelege porsjonar
  • korleis du kan lese varedeklarasjonar

Du får også innsikt i fiber, salt, sukker og feitt, og tips til enkel og sunn matlaging. I tillegg får du ei betre forståing av samanhengen mellom mat og helse, praktiske råd for kvardagen, og støtte til å endre vanar i ditt eige tempo.

Kurset er basert på prinsippa om at det er dei mange små skritta som fører fram til eit langsiktig mål. Difor er det viktig at du som deltakar er medviten og motivert for at endring tek tid. Når du har realistiske forventningar og gjev deg sjølv tid, vil du få størst utbytte av kurset.

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som kan ha nytte av å endre matvanar og kosthald. Det passar spesielt godt for deg som med fordel kan gjere endringar for å redusere risikoen for, eller utvikling av sjukdom.

Kurset er ikkje behandling, men eit tilbod som kan hjelpe deg i gang med betre vanar.

Korleis er kurset lagt opp?

  • 5 samlingar
  • 2 timar per gong
  • Byggjer på prinsippa for motiverande intervju
  • Følgjer dei nasjonale kostråda frå Helsedirektoratet

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse